Aud Kvaale

Aud Kvaale. Eg er fødd i 1935 i Trondheim,men har budd i Seljord i 45 år. Her har eg arbeidd i skulen som lærar og logoped.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Aud Kvåle

Foto: Aud

Eg har ikkje alltid stemt Venstre, men i meir enn 30 år er Venstre det partiet eg er mest samd med.
Kvifor eg stemmer Venstre ?
Eg stemmer Venstre fordi det er eit sosialtliberalt parti som set einskildmennesket i sentrum. Personleg fridom og sosialt ansvar for fellesskapet og kvarandre er Venstre sin grunnidé.
Å setja realistiske krav til seg sjølv og andre , er å respektere mennesket.
Eg stemmer også Venstre fordi det er den sikraste garantisten i saker som har med miljøet å gjere.
Venstre er eit parti for alle, uansett stilling eller stand.

Kva eg synest er viktig for Venstre å bidra til i Seljord no:

*Bidra til å syte for at Seljord vert ein god stad å leve for alle. Ta godt imot alle nye innbeyggjarar.
*Oppretthalde alle nivå i den gode eldreomsorga vi har -m.a. sikre drift av Heddeli og Steinmoen. Oppretthalde noverande skulestruktur så lenge det er grunnlag for det.
*Vere positiv til , og støtte nyetableringar.
*Sjå til at gamle turstiar ikkje vert nedbygde.
* Tenkje globalt og handle lokalt når det gjeld miljø.
* Ta vare på lokaldemokratiet. For at det skal fungere optimalt, er det nødvendig at innbyggjarane får informasjon om kva som skjer i kommunen,t.d. Via sjøormposten som må koma ut minst 5 gonger/ året.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**