Borgny S. Tøfte

Eg røystar Venstre fordi dei legg like stor vekt på fridom som ansvar – både for den einskilde og for samfunnet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Borgny Tøfte

Foto: Aud

Borgny Slettemoen Tøfte, pensjonert lektor.
Vi veit at mange av ulike grunnar ikkje kan ta vare på seg sjølv. Derfor seier Venstre: Gi meir til den som treng det mest! Målet er altså ikkje lågare skattar og avgifter, men ein fornuftig og ansvarleg bruk av fellespengane.

Den som tek samfunnsansvar må også ta ansvar for miljøet, det kan vi gjere både saman med andre og kvar for oss. Miljøet er ureina og truga på ulike måtar, ikkje minst av utslepp frå fly og tungtransport. Andre og betre transportmåtar er mogelege; derfor ser eg på høgfartsprosjektet til Norsk Bane ikkje berre som eit effektivt og miljøvennleg kommunikasjonssystem, men som også ein ny giv for betre vilkår for næringslivet i bygdene våre.

Eit moderne, komplisert, demokratisk samfunn treng kunnskapsrike menneske. Det skal skulesystemet syte for – med lærarar som er på høgde både fagleg og pedagogisk. Best blir skulen med vide rammer som kan tilpassast ulike krav og tilhøve i by og bygd.

Venstre er imot statleg detaljstyring og vil overlate mest mogeleg ansvar til kommunen og regionane – som t.d. Vest-Telemark som vil ha mykje å vinne på eit tettare samarbeid innanfor mange felt.

Mennesket lever ikkje av brød åleine, derfor er det så viktig å styrkje og vidareutvikle eit allsidig kulturliv.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**