Stig Høgetveit

Stig Høgetveit er 39 år, gift og har fem barn. Har vore bonde sidan 1993, men har dei seinare åra kombinera bondeyrke med studiar. Har vore politisk aktiv i venstre sidan 1990 og var Seljord venstre sin kommunestyrerepresentant i frå 1991 til 1995.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Stig Høgetveit

Foto: Aud

For meg er det venstre sitt idégrunnlag som er viktig. Idégrunnlaget til venstre bygger på liberalismen, og for meg er liberalismen grunnlaget for kva visjonar eg meiner eit demokratisk samfunn bør ha.

Liberalismen sitt mål er fridom til enkeltmenneskje. Venstre vil auke den enkeltes moglegheit til å ha makta over eige liv — uavhengig av kjønn, livssituasjon og bakgrunn. Men skal ein få fridom må ein òg ta ansvar for eigne val. Kvar enkelt må vera ansvarlege i dei vala dei tek, både overfor seg sjølv men òg overfor menneskja rundt seg. Me har alle ansvaret for kvarandre og plikt til å hjelpa slik at alle kan leva eit friast mogleg liv. Blant anna gjennom å bygge sterke felles instutisjonar, som påser at nokon sin fridom ikkje sperrar andres moglegheit for fridom. Fattigdom avgrensar valfridomen og for venstre er bekjempelse av fattigdom ei viktig brikke for at alle skal kunne ta mest mogleg eigne val. Ansvaret for kvarandre betingar òg at dei som treng hjelp i frå samfunnet for å leva eit verdig liv, skal få den hjelpa dei har trong for.

Men for venstre stoppar ikkje ansvaret for kvarandre med dei som lever i dag. Me har òg eit ansvar for å sikre at dei komande genrasjonane får sama moglegheita til fridom som me har. Me har difor eit ansvar for å respektera naturen sin eigenverdi og dens bærekraft. Å overlate store uløyste utfordringa skapt av oss til dei komande genrasjonane er ikkje å ta ansvarlege val. Ei bærekraftig utvikling er difor ein grunnleggande verdi for venstre.

For meg så legg dette grunnlaget for at enkelt individ og fellesskap, ser felles mål og gjennom det arbeidar mot eit mest mogleg harmonisk samfunn. Eg er overtydd om at kvar enkelts lykke er avhengig av andres lykke. Det vert difor i dag, der me alle skal konstruere våre eigne liv, viktig at kvar enkelt av oss tek ansvar for at flest moglege i fellesskapet òg får sjansen til å konstruera sine liv. For at der skal vera ein fridom, må fridomen i størst mogleg grad inkludere alle.

Tenk fellesskap, handle som enkelt individ.

Ha eit godt val.

Stig Høgetveit

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**