Skal du gi ein slengjar i år?

Røystesetelen avgjer kva for eit parti du røystar på. Dersom du vil vere med på å påverke kven av kandidatane som blir valde inn for partiet, må du endre på røystesetelen, det vil seie gi personrøyster.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Valg 2007

Foto: www.valg.no

Det er ikkje høve til å stryke kandidatar, verken ved kommunestyreval eller ved fylkestingsval. Rettleiing for korleis du gjer endringar, står på røystesetlane.

Ikkje ver redd for å endre på røystesetelen! Han blir ikkje forkasta sjølv om du gjer feil.

Ved kommunestyrevalet kan du:

gi personrøyst til kandidatar på røystesetelen. Set i så fall eit merke (kryss, hake eller liknande) i ruta ved namnet til dei kandidatane du vil røyste på. Du kan gi personrøyst til så mange av kandidatane du vil.

Dersom namnet til nokre av kandidatane står med utheva skrift, tyder det at partiet eller gruppa har prioritert dei framfor dei andre kandidatane. Du kan gi personrøyster til kandidatar med utheva skrift på same måten som til dei andre kandidatane.

– gi personrøyst til kandidatar frå andre parti eller grupper (såkalla slengjarar). Skriv i så fall kandidatnamna i eit eige felt på røystesetelen for ditt parti. Kor mange slengjarar du kan føre opp, er avhengig av kor mange representantar det er som skal veljast til kommunestyret, og det vil gå fram av røystesetelen.

Ver merksam på at når du fører opp slengjarar, vil ein del av røysta di bli overført til det andre partiet eller den andre gruppa. Verdien av røysta di for det partiet eller den gruppa du røystar på, blir tilsvarande redusert. Døme: Det skal veljast 13 representantar til kommunestyret. Du fører opp 2 slengjarar på røystesetelen din. Det gjer at 2/13 av røysta di blir overført til det andre partiet. Det partiet du røystar på, får dermed berre 11/13 røyst.

Ved fylkestingsvalet kan du:

– gi personrøyst til kandidatar på røystesetelen. Set i så fall eit merke (kryss, hake eller liknande) i ruta ved namnet til dei kandidatane du vil røyste på. Du kan gi personrøyst til så mange av kandidatane du vil.

Du kan ikkje føre opp slengjarar ved fylkestingsvalet. Partia kan heller ikkje setje opp kandidatnamn med utheva skrift.

Kommunestyreval:

Kva tyder det at kandidatar står med utheva skrift?

Partia eller gruppene kan på førehand fastsetje at somme kandidatar skal stå sterkare enn andre. Namna på desse kandidatane står med utheva skrift øvst på røystesetelen. Partia eller gruppene har da gitt kandidatane eit røystetillegg. Dette røystetillegget får dei, anten veljarane gir dei personrøyster eller ikkje. Røystetillegget svarer til 1/4 personrøyst per røystesetel. (Eller det svarer til 25 prosent av den samla mengda av røyster som kjem lista til gode. Det vil seie at dersom lista får 100 røyster, får kandidatar med utheva skrift 25 personrøyster.)

Sjølv om du ikkje gir personrøyst til ein kandidat med utheva skrift, får vedkommande altså likevel 1/4 personrøyst frå røystesetelen din. Gir du ei personrøyst til ein kandidat med utheva skrift, får kandidaten 1 1/4 personrøyst til saman.

Ved fylkestingsvalet har ikkje partia eller gruppene høve til å gi røystetillegg til kandidatar.

Informasjonen er henta frå www.valg.no og er ikkje endra på nokon måte.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**