Større innsyn og ein opnare kommunal organisasjon!

Det er med stor glede eg las i sist Tysnes, at Arbeiderpartiet lokalt skal jobba for ein opnare politisk besluttningsprosess og at dei vil styrkja ytringsfridommen til kommunalt tilsette. Arbeiderpartiet har ikkje ein einaste gong dei siste fire åra stemt mot lukking av møte, dei har faktisk støtta Helge Hauge i ein stadig meir lukka politisk pyramidestruktur, skriv Torstein Hatlevik, ordførarkandidat til kommuevalet, og 7. kandidat til fylkestingsvalet

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Arbeiderpartiet har ikkje jobba for eit aktivt lokaldemokrati. Det har vært mange eksempel på at Venstre har vært einaste politiske stemmen for eit aktivt ope lokaldemokrati på Tysnes.
Venstre var imot lukking av møte når fylkespolitikarane var på offentleg besøk hjå Alsaker fjordbruk, dette er politikarane sitt anvar å passe på.
Venstre var einaste stemma som ville fortella pressa om smørbrødlista til administrasjonen for å spare milionar på Tysnes. Det var for mange brannfakklar, som det ikkje var politisk vilje til å vurdere. Dette ville etter Venstre meining, ha gitt mykje lokalt engasjement og eit meir aktivt lokaldemokrati. Me må våga å ta dei vansklige debattane. I vår kom det forslag om å ha eit databaseregister, om kommunetilsette og lokalpolitikarane sine frivillige verv og deira eigarintresser. Dette vil ta enkeltmenneske sitt ansvar for å melde frå om innhabilitet vekk, me laga enda meir byråkrati. Arbeiderpartiet stemte saman med nesten heile kommunestyret for dette vedtakt. Venstre var einaste imot!
Venstre er einaste stemma for direkte ordførarval i Tysnes kommune, dette ville etter vår meining skape eit meir aktivt lokaldemokrati.
Hovedproblemet i Tysnes Kommune er ikkje at informasjonen er utilgjenngelig, men at alle saker som kan skape debatt blir tatt vekk. Det er mange Tysnesingar som trur at kommunepolitikarane ikkje kan gjere noko forskjell i samfunnet vårt, det er ikkje sant.
Eg er veldig glad for at Venstre ikkje lenger skal væra den einaste røysta for eit ope lokaldemokrati, men er spent på korleis det vært etter valet.
Det var ein nobel tanke av Vidar Høviskeland når han la fram dette forslaget, eg vonar han lar partigruppa si stemme for dette også etter valet.
I Tysnes kommune har ordføraren jobba for at formannskapet skal styre kommunen, makta blir tatt vekk frå kommunestyret.
Om ein ikkje intressert i andre løysingar enn sine eigne, er jo dette ein ideell sitvasjon.
Kommunestyret stemmer ofte i flokk, det har me sett mange gonger. Dette skjer på grunn av den styrte informasjonen som blir gjeven i ein del saker.
Kyststamvegen er eit godt eksempel på dette. Me veit at mange kommunestyrerepresententar stemte mot si overbevisning då vedtaket blei tatt.
Venstre vil ikkje stemme mot si overbevisning, me vil kjempe for at vår politikk blir dykkar garanti for eit betre Tysnes.
Lokalpolikikarane er ikkje ei stemme for si bygd, men for heile Tysnes!
Ta del i visjonen om eit betre Tysnes, stem Venstre!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**