Ein “vaktmeistar” kan vere løysinga for heimeboande eldre

Den kommunale helse- og omsorgstenesta i Sula er god, men ho kan med enkle grep gjerast betre på nokre område.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Institusjonar for eldre som har behov for pleie og behandling er eit sjølvsagt krav i eit moderne samfunn. Men mange eldre er rimeleg friske og vil gjerne bo heime dersom det blir lagt til rette for dette. Medan kommunen syter for den sosiale og medisinske hjelpa er det ingen fast praksis for å gi denne gruppa ei hjelpande hand,

Venstre vil gjere framlegg om ein kommunal “altmuligmann” skal stå til rådvelde for for desse eldre menneska som ønskjer å klare seg sjølve så lenge som mogleg. Yngre menneske utfører enkle arbeidsoppgåver heime som ein sjølvsagt ting, (skifte sikringar, lyspærer i utelampar, pakningar i ein vask osb.) men for eldre og gamle er dette ofte vanskelege og risikable operasjonar som kan føre til t.d. fallskader.
Det skal ikkje store fantasien til for å forstå at dette kan få dramatiske konsekvenser for den det gjeld og gi både kommune og stat betydlege utgifter.
Men først og sist ligg det i sjølve saka at ei slik ordning vil betre livskvaliteten for dei som ser heimen som staden der dei vil tilbringe alderdommen.

Ordninga vil kunne spare kommuna for sjukeheimsplassar som det også vil bli eit sterkt behov for i dei næraste åra. Ei styrking av pleie- og omsorgstenesta, særleg for gruppa senil demente vil Venstre derfor stå sterkt på.
For eit sosialt-liberalt parti som vårt er slike slike tankar forpliktande.

Børre Vegsund
listekandidat, Sula Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**