65% på Brokelandsheia trur Venstre blir større

Gjerstad Venstre hadde stand på Brokelandsheiadagene. Veljarane blei inviterte til å svare på sju spørsmål og konkurrere om å vinne ein skinnande grøn og miljøvennleg sykkel. Sykkelen blei vunnen av 14 år gamle Silje F. Fagerhol frå Fiane. Spørsmåla var henta frå valprogrammet, pluss badevekta til Ånon Ausland.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Ånon Ausland

Foto: Jan Kløvstad

Det siste spørsmålet var kor mange representantar Gjerstad Venstre vil få i kommunestyret 2007-2011. Av dei 48 som svarte på dette meinte 65% at Venstre vil gå fram frå 2 til 3 eller 4 representantar. 13 av dei som svarte meinte Venstre vil doble til 4, mens 18 meinte 50% auke til 3 representantar er det realistiske. 6 av dei som svarte meinte Venstre vil få 5 eller 6 representantar, og 11 meinte Venstre vil halde stillinga.

Dette lovar godt for valet 10. september!

På standen stod alle dei fremste listekandidatane i Gjerstad, pluss Marianne S. Lyngvi, Anne Midtlien, Øystein Haga og Line Øvernes Mørch frå fylkestingslista. Også førstekandidat Jan Kløvstad i Arendal var med søndagen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**