Svenn Øvrebø

Svenn Øvrebø, Sogn og Fjordane Venstre sin 4. kandidat

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Svenn Øvrebø

Foto: Svenn Øvrebø

Svenn Øvrebø er 44 år, kjem frå Stongfjorden og arbeider som ingeniør i Nordsjøen.
Svenn har lang røynsle frå kommunepolitikken, først som varamedlem til kommunestyret i to periodar, så fast medlem i to periodar. Dei siste to periodane har han også vore leiar av utval for teknisk sektor.

Her er Svenn Øvrebø sitt innnlegg i valavisa:

Vi treng ein differensiert strandsonepolitikk

Venstre vil ha ein differensiert strandsonepolitikk. Dette er naud¬s¬ynt for å kunne skape vekst på kysten, og i fylket!
Allemannsretten er eit grunnleggjande gode Venstre vil hegne om. Likevel går det godt an å ha færre restriksjonar på utbygging i strandsona i Sogn og Fjordane enn i pressområda i Sør-Noreg.
Venstre ønskjer at ein opnar for ein lempelegare praksis når det gjeld tilrettelegging for bustads- og næringsføremål etter ein heilskapleg strandsoneplan.
I Sogn og Fjordane vil ikkje allemannsretten verte svekka i same grad som i andre delar av landet fordi vi har store strandsoneareal i høve folketalet. ¬Venstre meiner difor at det kan leggjast til rette for distriktsutvikling som både tek i vare fellesskapet og opplevingane til noverande og komande generasjonar.
Det finst mange døme på konflikten mellom vern og utbygging i fylket. Berre i Askvoll og dei andre kystkommunane har media i lang tid synleggjort ¬dette, til dømes på Bulandet/ Værlandet. Her har det vorte avslag på utbygging av næringsbygg på øyer det ikkje bur folk på ut frå nasjonale føringar og fylkes¬tinget sine vedtak om areal¬disponering.
For meg vert det viktig å medverke til at fylkestinget sine vedtak om arealdisponering vert endra slik at ikkje denne vert eit unødvendig hinder for utvikling på dei 365 øyane vi har i Askvoll, og andre stader. Elles held ut¬viklinga fram med reduksjon i folketalet på kysten, noko som er ugunstig for heile fylket.
I dag er det mange gamle naust og sjøbuer rundt om i ¬fylket som står til nedfalls. Dette er kulturskattar som bør takast vare på. Mange av desse ville bli sett i stand om dei også kunne ha vorte nytta til utleige og fritid.
Venstre er tilhengjar av vern gjennom bruk. Slik eg ser det ville vi gjennom å tillate bruk av gamle naust og sjøbuer til utleige skape ein vinn/vinn situasjon både med omsyn til å ta vare på kulturarven vår, leggje grunnlaget for auke i folketalet og ikkje minst formidle kulturhistorie til alle dei som vitjar fylket i reiselivssamanheng.
Heile fylket, og kysten spesielt, har store utfordringar når det gjeld arbeidsplassar og ¬folketalsutvikling. I eit fylke med fiske og turisme som viktige nær¬ingar må vi finne balansen mellom å bandleggje areal til fellesskapet og gje høve til ¬utbygging til folket som ønskjer å bygge seg ein heim og eit liv langs kysten.

Svenn Øvrebø, Askvoll, 4. kandidat for Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**