Valdebatt på Skodje

Venstre sin toppkandidat Arnstein Sæthre låg på sjukehuset med ein spikar i fingeren då den store valdebatten gjekk av stabelen på Jentekolonien. Her kan du likevel lese innlegget han skulle halde:

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


For det komande kommunestyret i Skodje vil den største utfordringa verte å betale renter og avdrag. I neste veke kjem det til å bli vedteke at vi skal byggje idrettshall og kultursal til 60 millionar kroner. Dette vil koste minst tre millionar kroner i året, i 50 år framover.

Attåt dette har det rådande fleirtalet valt å bruke åtte millionar kroner til ein ny barnehage på Skodje, rett framfor nasen på ein privat barnehageutbyggjar — som i tillegg var villig til å betale pengar for den gamle barneskulen.

Vi kan ikkje stille oss blant dei som jublar når regjeringa vil pumpe nye milliardar frå Nordsjøen til kommunane. Kvar ny milliard gir eit nytt hopp i rentene. Skodje kommune blir taparen. Saman med nyetablerte småbarnsfamiliar — som gjerne er dei vi vil fylle byggjefelta våre med.

Venstre vil vere med på å ta ansvar for denne framtida. Venstrefolk er nøysame, og vane med å greie seg med lite. Venstre sine forslag treng heller ikkje nødvendigvis å koste så mykje.

Miljø, skule, småbedrifter og sosialt ansvar. Dette er Venstre sine fire viktige saker. Ikkje minst skal Venstre vere miljøpartiet du kan lite på. Det er vi som har sikra at alle dei nye kommunale bygga er lagde til rette for alternativ oppvarming. Vi har også foreslått ein klimaplan for Skodje kommune, ei ansvarleg avfallsbehandling og returordningar for mellom anna plastavfall. Fleirtalet ville ikkje alt dette, men vi kjem til å prøve igjen. Vi trur nemleg at innbyggjarane i Skodje vil vere med på å ta ansvar for miljøet, viss politikarane gir dei sjansen til det.

Venstre er det eldste partiet i Norge, stifta for å sikre demokratiet og folk sin rett til å stille kritiske spørsmål. Dette er ein tradisjon vi ikkje tek lett på. Og her har vi ein jobb å gjere i Skodje, som har samla alle avgjerder på 21 folkevalde. Dei har overlate det meste til eit formannskap på fem, som nesten utan unntak, når lova i demokratiet sitt namn pålegg dei å velje eit utval med eit anna namn, vel seg sjølv. Eg kan nemne: Planutval, skatteutval, valstyre, styringsgruppe for idrettshallen…..
Venstre kjem til å halde fram kampen for eit gjennomsiktig folkestyre i Skodje. For opne og ryddige forhold, og for at hattar skal fordelast på flest mulig personar, ikkje berre flyttast rundt på dei same hauda.

Også vi kjem til å gå inn for å byggje idrettshall. Fordi vi no, etter mange år med prat, vel å satse på ungdommen. Ungdom treng rusfrie miljø der dei kan utfalde seg, drive med ein aktivitet dei likar, og lære seg å bli god til noko. Venstre tek gjerne på seg å vere ungdomspartiet, same kva gjennomsnittsalderen på lista måtte seie.

Ta ansvar for kvarandre og miljøet, er Venstre sitt slagord framfor dette valet. Vi ser fram til å møtast i kommunestyret etter valet, med eit fleirtal som er villig til å ta eit slikt ansvar, for dei unge sitt oppvekstmiljø og den jorda vi lever på. Og vi trur at veljarane i Skodje vil syte for at Venstre får ei solid gruppe i dette fleirtalet. Ein tillit vi skal love å ta godt vare på.

Arnstein Sæthre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**