1. kandidat Marit Barsnes Krogsæter

Sats på kunnskap i skulen, ikkje eple og pærer

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Læraren er bærebjelken i skulen. Venstre vil satse på å auke kompetansen til lærarane. Vi vil foreslå eit utviklingsår for lærarane i Sogn og Fjordane.
Snittalderen til dei lærarane som har sterk fordjuping i realfag og språkfaga , nærmar seg 60 år. Vi treng rekruttering av lærarar med desse utdanningane. Skal vi satse på kunnskap må vi handle no.
Venstre vil satse på seniorpolitiske tiltak slik at ein beheld høgt utdanna personell lengst mogeleg, slik at vi rekk å utdanne nye lærarar med same kompetanse.
Den ekstra løna som ein lærar får dersom ein står i full stilling etter fylte 62 år, er svært liten når vi ser dei i samanheng med fylkeskommunen sitt bidrag til AFP- ordninga.
Her er det ressursar som bør brukast til det beste for dei som er villige å jobbe lenger.
Den reduserte undervisningstida som dei eldre lærarane har bør kunne brukast til for – og etter- arbeid.
Det er eit paradoks at mens resten av arbeidslivet blir meir fleksibelt så skjer det motsette med lærarane si arbeidstid.
Finland som vi stadig likar å samanlikne oss med har svært liten bunden tid.

Marit Barsner Krogsæter

Foto: Sogn og Fjordane Venstre


Marit Barsnes Krogsæter
1. kandidat for Sogn og Fjordane Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**