Riksvegar med best før dato

Underteikna og andre har i sommar uttalt seg i media om Bremanger sine rettmessige behov for å ha gode vegsamband gjennom kommunen vår.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Vi veit kva krav industrien i dag set til stader dei skal satse og etablere seg på. Eg veit at det er langt fram til bru over Nordfjord og flat veg til Grov, men tykkjer det er verd å flagge at det kan vere eit nødvendig perspektiv å jobbe etter, om vi skal halde Bremanger som ein industrikommune i framtida.

Men mens vi ventar, så må det vere lov å etterspørje naudsynte utbetringar på riksvegane våre. Det er slett ikkje alle stader det trengst så mykje pengar for at det skal bli betre. For ein 20 års tid sidan vart ein del utbetringar gjort med pengar som var til gode frå vintervedlikehaldet vart det sagt. Det var meir snø då enn no, men slikt vedlikehald har stoppa heilt opp. Alle ser at R614 Kjelkenes — Svelgen har mange smale parti, og noko tryggheit i støypekantane vil eg ikkje seie det er.

Mellom Kjelkenes og Haukå er vegen stort sett breiare, men å møte ein trailer med blinkande lys, som ligg midt i køyrebana for ikkje å ta opp i tunneltaket, er heller ikkje kjekt. Og kvifor kan det ikkje gjerast noko i Grytadalen, så ein unngår desse stoppa vintersdagen når tunge køyrety står faste. Kvifor skjer her ingenting? Er det berre pengemangel, eller er folket her, som dagleg brukar vegen til skule, arbeid og anna nødvendig transport, for stille og ikkje ropar høgt sine krav om sikkerheit og standard.

Ein ting som er sikkert er at dei som ferdast langs riksvegane i Bremanger, har ei nesten ulukke å fortelje om, med meir eller mindre fare for tragisk utfall.

Dette innlegget kunne gjerne vore skrive utanom valkamptida, men det vart no slik denne gongen. Eg har bestemt meg for å verte veldig masete om vegane våre dei neste 4 åra, for kjære vegeigar, vegen har gått ut på dato!

Kåre Jarl Langeland
1. kandidat for Bremanger Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**