Tysnes som merkevare

— Bergen er ein stor marknad for varer frå Tysnes. Merkevara «Tysnes» burde kunna utnyttast meir, meiner førstekandidat til Fylkestinget for Venstre, Harald Hove.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Gjengitt med tillatelse fra Bladet Tysnes:

Måndag var Hove på Tysnes for å sjå nærmare på osteproduksjonen på Myrdal gard. — Eg er imponert over kva den nederlandske familien har fått til. Dei har tilført nye innbyggjarar til kommunen, og dei har etablert ei næringsverksemd utover det som tradisjonelt er knytt til gardsdrifta på Vestlandet.

Han meiner det er viktig å ha ei positiv haldning til dei som ynskjer å gjera noko meir ut av gardsdrifta. — Både kommunen og me som fylkespolitikarar må vera opptekne av å bruka støtteordningar til å stimulera til utviklinga av slike verksemder. Venstrepolitikaren slår fast at «Tysnes» er ei merkevare som kunne vore nytta meir
systematisk.

— Det er mange i Bergen som har tilknytning til Tysnes, og vil kjøpa varer som er laga her. Pinnekjøt frå Tysnes kunne til dømes blitt ei populær vare, trur Hove. Sjølv er han bergensar med sterke røter frå Vik i Sogn. — Eg er faktisk blitt trufast kjøpar av appelsinjuice med bringebær frå Vik i Sogn. Hadde det ikkje stått at bæra kom frå Vik i Sogn, tvilar eg på om eg hadde kjøpt den juicen like ofte, seier fylkespolitikar Harald Hove.

Tysnes som merkevare
Fylkespolitikar for Venstre, Harald Hove (i midten), fekk omvisning på Myrdal gard måndag. Han meiner Tysnesnamnet bør kunna nyttast i marknadsføringa av fleire produkt. Osteprodusent og geitebonde Albert Muilwijk til venstre, og Tysnespolitikar Torstein Hatlevik (V) til høgre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**