— Venstre er garantien for utvikling i Tysnes

— Tysnes Venstre har nye og kreative løysingar. Partiet er ein garanti for utvikling i kommunen,
seier Torstein Hatlevik. Han er Venstre sin ordførarkandidat i Tysnes.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Gjengitt med tillatelse fra Bladet Tysnes:

Hatlevik er kommunestyrerepresentant og sit i fylkesstyret. Han har vore nestleiar i Hordaland Venstre, har site i landsstyret og står på 7. plass på fylkestingslista. Deltakinga i lokalpolitikken byggjer på eit sterkt samfunnsengasjement og ei formeining om at han kan gjera Tysnes til ein betre plass å bu.

— Kvifor vert du ein god ordførarkandidat?
— Eg er kreativ og nyskapande og har eit stort politisk nettverk på fylkes- og nasjonalt plan. Eg står for meiningane mine, og vil vera i tett dialog med innbyggjarane for å gjera Tysnes til ein betre plass å bu, seier Hatlevik.

Solnedgang vann innsjø

Foto: Jan Harsem

— Best for miljøet
Tysnes Venstre går inn for ein ferjefri kyststamveg. Det er det beste for miljøet, regionen og for Tysnes, slik Hatlevik ser det. — Noko anna alternativ kjem aldri til å verta gjennomført. Me må ha ein framtidsretta og
aktiv samferdslepolitikk, understrekar han.

Hatlevik meiner eit betre samferdsletilbod kan bidra til ein auke i folketalet. For å snu folketalsutviklinga føreslår han også å leggja til rette for etablering av arbeidsplassar for folk med høgare utdanning. — Forsking viser at om 20 år, vil 90% av dei som arbeider ha høgare utdanning. Tysnes må møta denne utfordringa. Og me må jobba for eit breiare kulturtilbod i kommunen og betre marknadsføring av Tysnes, legg han til.

Gratis ferje
For å heva vegstandarden i kommunen, vil Hatlevik søkja om gratisferje i Jektevik/Hodnanessambandet.
— Dette vil auka gjennomgangstrafikken på Tysnes. Det vil i sin tur gjera det lettare å få pengar til å betra vegane og ferjesambandet Våge/Halhjem, seier han. 1.kandidaten til Venstre vil også aktivt nytta kontaktane
sine på fylkes- og nasjonalt nivå for å fremja Tysnes sine ynskje og behov. I handteringa av sjukeheimssaka,
meiner Hatlevik at lokalpolitikarane lenge nok har gjort kortsiktige feilinvesteringar. — Me må byggja ny sjukeheim på ein meir eigna stad, er Hatlevik si klare oppmoding. — Mange vil at Tysnes skal verta ein JA-kommune. Kva ligg i det omgrepet, og kva konkrete tiltak må gjerast for at Tysnes skal verta ein slik
kommune? — Tysnes kommune skal ha offentlege kontor ope ein laurdag i månaden. Kommunen må også ha ein tettare dialog med sine brukarar for å finna tenlege løysingar på konfliktar. Me går og inn for at
Tysnes skal ha ein opnare politisk struktur, med meir informasjon til folket, oppsummerer Hatlevik.

Steinhytte

Foto: B.Aartun

Hytteplan
I bustadpolitikken går Venstre inn for å gjera det mogleg med spreidd bustadbygging. Partiet legg opp til at ein skal kunna finna tenlege løysingar i samarbeid med landbrukskontoret der det er naudsynt. Når det gjeld hyttebygging, seier Venstre JA, men med ein heilskapleg hytteplan. — Forsking viser at at folk i framtida kjem til å ha to bustader, hus og hytte. Det vil koma ei omlegging av skattepolitikken tilpassa denne nye trenden.
Tysnes sit då på ei gullgruve. Hyttefolk er ein ressurs for Tysnes, slår Hatlevik fast.

— «Alle» vil ha fleire arbeidsplassar og gode skular og oppvekstvilkår. Ser du forbetringspotensiale på desse områda, og kva konkrete tiltak kan ein gjera for å utnytta dette potensiale?
— Venstre vil etablera eit veksthus for å fremja næringsutvikling, med kontorfellesskap for pendlarar slik at dei kan jobba frå Tysnes. Me går også inn for ein meir aktiv samferdslepolitikk for å gjera tilhøva for næringslivet betre, seier Hatlevik.

Lærer

Foto: Microsoft

Fleire faglærarar
I skulepolitikken vil partiet ha eit tydeleg fagleg innhald i skulen, skulemåltid til elevane, tryggare skulevegar og fleire faglærarar i Tysnesskulane. For å betra oppvekstvilkåra i kommunen, vil Hatlevik og Venstre styrkja barnevernet og det psykiatriske tilbodet for barn og unge. På spørsmål om det er andre saker Venstre vil jobba for, svarer Hatlevik slik; — Me vil utvikla Våge til eit endå sterkare senter på Tysnes. Me må starta arbeidet med å finna ei eigna kulturhustomt i sentrum av Våge. Venstre skal kjempa for å gje meir makt til kommunestyret, i dag er det bygd opp som ein udemokratisk pyramide. Det er gammaldags og lite nyskapande. Så mange offentlege innkjøp som mogleg, skal vera miljø- eller «fair trade»-merka.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**