SOSIALT ANSVAR = EI VERDIG ELDREOMSORG

Etter at sjukehusa vart gjort om til helseføretak og staten overtok ansvaret, noko Venstre var imot, har det medført eit stort krav til effektivisering. Dette har dessverre har gått utover eldre pleie- og hjelpetrengande som har eit stort hjelpe- og omsorgsbehov. Det er dei som er vorte dei store taparane, seier Radøy Venstre sin ordførarkandidat Bjørg T.Murberg.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Eldre, gamle

Foto: Microsoft

Med dei politiske grep som vart gjort den gong sjukehusa vart gjort om til helseføretak, med påfølgjande krav til effektivisering og behandlingsresultat, vart det ikkje tenkt heilhet. Denne omorganiseringa vart gjort utan at kommunane på noko som helst salgs vis vart rusta opp til å ta imot sjukare og meir behandlingskrevjande pasientar, hverken med omsyn til nok kvalifisert personale, kostandar med dyrare pasientar, avdi dei no får behandling i sjukeheim, og ikkje minst, -auka behov for oppfølgjing av lege.

Det vart heller ikkje teke omsyn til kva konsekvensar dette ville få for den einskilde pasient. At pasienten er vorte ein kasteball i eit system som heile tida skal vise til økonomiske resultat, samt antall "ferdigbehandla/utskrivingsklare" pasientar, ja det er fakta. Inn ein dag — utatt neste dag, og viser til behandlingsresultat!

Dette har sin pris. Det er lovverket som bestemmer om ein vert tildelt sjukeheimsplass. Og i Lov om helsteneste i kommunane heiter det: "Den som bor eller oppholder seg i kommunen, har krav på nødvendig helsehjelp".

Nødvendig helsehjelp, ja kva er no det for noko?? Eit diffust begrep, og kan tolkast på mange vis, og vert nok altfor ofte det og. Nødvendig helsehjelp kan ytast i heimen av heimsjukepleien, eller i sjukeheim. Omsorgsbustad er som alle veit, ikkje heimla i lov. Det er kun tenestene som er det.

Omsorg, senior, helse

Foto: Microsoft

Slik det er i dag, der kommunane og vert målt "økonomisk" og samanlikna på alle vis, vert lovverket tolka strengt. Sjukeheimen er vorte ein behandlande institusjon, der du først får hjelp når du virkeleg er sjuk, og før havna på sjukehus. (Nokre kommunar har og gjort om sjukeheimsplassar til hyblar. Dette er kostnadsbesparande for kommune, der mykje av utgiftene vert påført pasienten.)
Kommunane har heller ikkje lov å operere med venteliste, det har fylkeslegen gitt klar melding om. I dag vert det gjeve avslag, der grunngjevinga ofte er at pasienten kan få nødvending helsehjelp i heimen. Så kan dei jo sjølvsagt påklage dette, men kven og kor mange gjer no det?? Ofte er det slik at når den sjuke får plass i institusjon, er pårørande så utslitt at dei maktar ikkje meir, og kanskje ein til og med får to pasientar.

Er dette ei verdig eldreomsorg? Er dette å ta sosialt ansvar?

Venstre meiner det er uverdig at eldre pleie- og omsorgstrengande ikkje får den hjelpa dei har krav på, når dei har behov for det. Venstre ønskjer å ta ansvar for dei som har trong hjelp og ikkje sjølv er i stand til å ivareta seg sjølv.
Det vert feil når stat og regjering skal melde om kor mange sjukeheimsplassar det er behov for i landet og tallfeste dette, det same er med personale. Når staten/regjering har sagt HOPP, ja då skal alle kommunane hoppe!
Det som er behov for i ein kommune, er nødvendigvis ikkje behov for i ein annan kommune, dei treng kanskje heller barnehage eller skule.

Bjørg T.Murberg

Foto: K.Ø.T.

Venstre meiner at den einskilde kommune sjølv, er den som har skoen på og veit kor den trykkjer. I dag flyttar folk ofte heim i fritidsbustadane sine, og utløyser same rett til hjelp som dei som er fastbuande. Dette fangar ikkje dagens Kostra rapportering opp. Staten har og sagt at det er fritt sjukeheimsvalg.
Venstre meiner at det er kommunane sjølv som skal finne ut kor mange som treng eit heilhetleg omsorgstilbud, og melde det inn til regjeringa/staten. Det same gjeld kvalifisert personale. Då først kan ein få den rette satsinga i eigen kommune. Venstre krev at det må komme ein opptrappingsplan innan eldreomsorga, slik det var innan psyikatrien.
Venstre ynskjer kvalitet på tenestene, ikkje dryppe litt her og litt der. Det er ingen tent med. Det er det kun arkitektar og entreprenørar som tenar på.

Godt val!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**