KYSTEN TRENG TALSPERSONAR PÅ FYLKESTINGET!

av avtroppande fylkestingsrepresentant for Venstre, Liv Henjum

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


I løpet av valkampen har vi møtt mange som seier seg leie for at Venstre ikkje stiller med ordførarkandidat. Vi er dei første til å seie oss leie for dette, men vi er sjølvsagt smigra over at veljarane har tru på at ein kandidat frå Venstre ville gjort ein god jobb.

Men når situasjonen er slik, prøver vi å fortelje veljarane at det ikkje er nokon samanheng mellom dei to vala. Når veljarane har gjort seg opp ei meining om kven som bør inneha kommunens viktigaste ombodsrolle, vonar vi at veljarane også legg vinn på å få dyktige, engasjerte menneske som torer stå opp og seie frå, inn i kommunestyret. Såleis vonar vi sjølvsagt at mange vel Venstre si liste både ved kommunevalet – og ved fylkestingsvalet.

No i innspurten vil eg minne om at ikkje minst fylkestingsvalet blir viktig. Klaus Iversen står på andreplass på Venstrelista, og mange vil kanskje tenkje som så at med ei slik plassering, er Iversen sikker på å komme inn på fylkestinget. Men det er ikkje nok å komme inn i fylkestinget. Venstre må gjere eit godt val, slik at ein kan oppnå posisjonar. Det er det politikk handlar om!

Gjer Venstre eit like godt val som i 2003, vert Venstre representert i fylkesutvalet ved ei kvinne frå kysten, Marit B. Krogsæter (frå Florø, oppvaksen i Askvoll), og andrekandidaten, Klaus Iversen, har god sjanse til å bli leiar av eit utval.

Eg stod sjølv på 2.plass på Venstre si liste ved valet i 2003. Veljarane på kysten nytta Venstre sin stemmesetel, og Venstre vart tredje største partiet i fylkestinget og mangla få stemmer på å få fem i fylkestinget. Såleis kom H. Lindvik i fylkesutvalet, og sjølv vart eg leiar av hovudutval for samferdsle.

I går var det paneldebatt i Florø om utfordringane i kystkommunane. Avisene har i valkampen vore fulle av innlegg om same tema. Sjølv har eg opplevd at det i fylkespolitikken ikkje er like lett å få fokus på – og gjennomslag for – prosjekt som gjeld tiltak i dette ytste, nordvestlege hjørnet av fylket vår. I fylkespolitikken har det i denne perioden vore Ap (med sine 10 representantar) og Sp (med sine 12 ) som har inngått samarbeid og som bestemmer politikken. Det er nok å minne om saka om køyretøyklasse og matfag/kokkefagklasse ved Måløy vidaregåande skule for å forstå kor kronglete prosessane er før ein får gjennomslag for tiltak som gjeld dette distriktet.

Ved dette valet blir Vågsøy underrepresentert i fylkestinget i høve folketal. Bare Klaus Iversen står på sikker plass. Etter fire år i kommunestyret og som leiar av helse- og sosialutvalet, har han vist at han er ein dyktig, grundig og engasjert politikar. Vi treng ein uredd talsmann for kysten på fylkestinget! Bruk Venstrelista — både ved kommune- og fylkestingsvalet!

Måløy, 5.sept. 2007

Kontakt Liv Henjum

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**