Miljøutfordringar i Voss!

Miljøspørsmåla har hittil vore fråverande i valkampen på Voss. Leiar i Voss Venstre; Kristian Østrem, og 1. kandidat Torstein Gunnarson, peikar i eit innlegg i lokalavisa “Hordaland ” 4. sept. på at Voss må ta sin del av ansvaret for å redusera problema med utslepp av skadelege klimagassar. og seier noko om tiltak Voss Venstre går inn for.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Solnedgang vann innsjø

Foto: Jan Harsem

Som kjent er store internasjonale forskingsmiljø i dag samde om at utsleppet av skadelege klimagassar må reduserast drastisk for å stoppa den globale oppvarminga. Ikkje berre må utsleppa reduserast, men auken i energibruk må stoggast eller erstattast av miljøvennleg/fornybar energi..

Venstre vil arbeida aktivt for at også Voss tar sin del av dette viktige arbeidet!

Den kommunale klima- og energiplanen må ajourførast og forsterkast med ein forpliktande handlingsplan for m.a.:
Modernisering av kraftverka til Voss Energi.
Ein samla plan for mini-og småkraftverk
Fjernvarmeanlegg basert på biobrensel/lokalprodusert trevirke
Styringssystem for oppvarming i alle kommunale bygg.
Bruk av reintbrennande vedomnar i private hus og hytter.
Fyllestasjonar for bioetanol o.l..
Auka kollektivtrafikk, bruk av el-bilar

Lars Sponheim i Think elbil modell 2007

Foto: S. Haugsvær

Kommunen må forsterka miljøkrava ved kjøp av varer og tenester,og leggja større vekt på miljøspørsmål ved utarbeiding av planar for nye tiltak. Ordninga med kjeldesortering av avfall må vidareførast.

Kommunen må aktivt arbeida for at dei einskilde innbyggjarane er med "på laget". Ein måte kan vera å "oppretta kontrakt" mellom innbyggjarane og kommunen: "Kommunen gjer det , og du gjer det"!

Og, sjølvsagt: Venstre har vore og vil framleis vera partiet som frontar det klassiske miljøvernet. Me vil ta vare på kulturlandskapet , biologisk mangfald, truga artar som f.eks. Vossalaksen, og urørt natur som Noreg får stadig mindre av.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**