Råmund Nyhammer og Britt Grimelid Menes – avisinnlegg

420 kV-linja — kva meiner eigentleg Sp?

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


På morgonkvisten den 4. juli melder NRK S. og Fj. at fylkesutvalet seinare på dagen sansynlegvis kjem til å gå for ein uttale som krev 420 kV-linja Fardal — Ørskog lagt i sjøen. Grunnen er at Sp til liks med Venstre, Høgre og KrF vil krevje ei konsekvensutgreiing vdr. sjøkabel. Ein god start på dagen for dei som ikkje ønskjer rasering av fjordlandskapet. Når ein så dagen derpå ser kva uttale fylkesutvalet har gitt i saka, vert ein sjokkert. Ein uttale innehaldande to setningar med svada heilt utan ytringar om traseval. Svada skulle ein tru var ufarleg, men her kan i verste fall svadaen føre til ei sabotering av den sterke folkelege motstanden mot luftlinjeplanane. For den meldinga utbyggarane får frå fylkesutvalet er i praksis denne: Kjære Statnett og Enoksen. Bygg kraftlinja gjennom fylket nett slik de ønskjer.
Uttalen frå fylkesutvalet er i røynda ein seier for Ap, men det er urett å kritisere dette partiet for det. Ap lever som dei lærer: Kraft og framføring av denne er overordna natur- og miljøomsyn. Sjølv om ein er usamd, må ein berre respektere eit parti som står for meiningane sine. Då er det langt vanskelegare å bli klok på Senterpartiet. I ein uttale frå fylkespartiet tidlegare i år kan ein m.a. lese, sitat: Kabling er mykje meir miljøvennleg, og ny teknologi vil kunne gjere dette økonomisk forsvarleg Senterpartiet ynskjer difor ei meir framtidsretta forvaltning, som mellom anna inneber bruk av kabelteknologi i større utstrekning enn i dag. . Sitat slutt. Vedkjenner Sp seg dette?
Sp-minister, Enoksen, seier tvert nei til kabling av 420 kV-linja Fardal — Ørskog. Er det hans oppriktige meining, eller er det presset frå storebror i regjeringa, Ap, som gjer han så steil i denne saka? Den Sp’aren som det er vanskelegast å bli klok på er fylkesordføraren. Under Enoksen sitt besøk i fylket i juni gjev Nils R. Sandal full støtte til ministeren sitt syn. I møtet i fylkesutvalet 4. juli stiller han seg derimot bak følgjande i framlegget frå Sp-gruppa, sitat: Fylkeskommunen vil peike på at luftlinjetraseane gjennom fylket fører til store naturinngrep og ber derfor om ei konsekvensutgreiing av sjøkabel med tilknytingpunkt i Aurland, på Lutelandet og i området Åskora. Sitat slutt. Kva meiner eigetleg Nils R.? Og kva ansvar har han, som leiar for fylkesutvalet, for den pinlege uttalen utvalet har levert NVE?
I fylkesutvalsmøtet la Venstre, Høgre og KrF fram eit forslag med dette som hovudpunkt: Krav om utgreiing vdr. sjøkabel, ny konsekvensutgreing med vekt på å få fram reelle kostnader i samband med dei negative følgjene eit luftspenn vil ha for næringsliv, reiseliv, miljø og natur og krav om at arbeidet med ein ny politikk for kabling straks må settast i gang. Kvifor kunne ikkje Sp støtte dette?
Sjølv om ein ikkje har eit formalisert samrøre a’ la Ap/LO må det likevel vere rett å hevde at Bondelaget er Sp sin forlenga arm. Bondelaget i Sogn og Fjordane v/ leiar Bjarte Nordanger krev heilt eintydig at 420 kV-linja Fardal — Ørskog vert lagt som sjøkabel. I likheit med Venstre, Høgre og KrF meiner S. og Fj. Bondelag m.a. at konsekvensane og kostnadane ved luftlinjealternativet ikkje er godt nok utgreidd. Sp er gjennom sitt framlegg i fylkesutvalet ikkje i nærleiken av slike tankar. Er Sp og Bondelaget på ulik kurs i denne saka?
Debatten om Statnett si planlagde 420 kV-linje gjennom fylket har rasa i over eitt år. I eit valår er det spesielt viktig for ålmenta å få vite kva syn dei einskilde partia har i ulike saker. Håpet er at Sp klargjer om dei i denne aktuelle saka deler syn med Statnett/ Enoksen eller støttar det store fleirtalet av dei berørte kommunane i fylket pluss reiselivs-, natur- og miljøinteressene.

Råmund Nyhammer og Britt Grimelid Menes
Balestrand Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**