Til innhold
Bilde av Sognefjorden
Sognefjorden, utsikt mot Nornes og Fimreite i Sogndal., Foto: Are Kvistad

FRIDOM FRAMTID FELLESSKAP I NYE SOGNDAL

Sogndal - Leikanger - Balestrand

Sogndal, Leikanger og Balestrand Venstre vart frå og med januar 2019 samla i eitt felles lokallag – Sogndal Venstre. Bli medlem!

  • OPPVEKST OG UTDANNING

    God oppvekst og utdanning er viktig for at alle skal kunne skapa seg gode liv, og for å jamna ut sosiale, økonomiske og helsemessige skilnader. Me vil at alle born skal kunne gå i barnehage, på SFO og delta på fritidsaktivitetar.

  • MILJØ

    Det er viktig å jobba både lokalt og globalt for å sikra biologisk mangfald, kjempe mot forureining, og gjera konkrete tiltak for å verne miljø og redusere klimatrusselen. Ei av dei viktigaste oppgåvene vi har er å ta vare på Sognefjorden.

  • VERDISKAPING

    Eit grønt, variert og konkurranse- dyktig næringsliv er avgjerande for levande lokalsamfunn og eit godt velferdsnivå. Me vil vidareutvikla Sogndal som ein attraktiv kommune for reiseliv og anna nærings-verksemd, utdanning og forsking, og som lokaliseringsstad for statleg og fylkeskommunal verksemd.

Kontakt oss i Sogndal Venstre