No er det Valle sin tur!

No er det Valle sin tur! Skal vi greie å finansiere ny skule på Valle dei næraste fire åra, krev vi to ting: For det første at idrettshallen ikkje må koste ei krone meir enn det som no er avsett. Det andre er at kommunestyret må vere strenge med seg sjølv, og slutte å seie ja til alt som er “kjekt å ha”, skriv førstekandidat Arnstein Sæthre i eit ope brev til vallebygdarane.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Kommunestyret i Skodje har samrøystes vedteke å byggje idrettshall og kulturhus på Skodje for 61 millionar kroner. Renter og avdrag skal betalast med pengar vi berre trur vi har. Vi risikerer at det ikkje vert bygd ny skule på Valle før alle dei borna som er fødde i dag er for gamle til å gå der.

Venstre har også vore med på vedtaket om idrettshall, fordi vi ser at dette er eit løft for ungdomsskulen, der alle borna i Skodje i det minste skal bruke tre år av skuletida si. Vi veit også at mange ungdommar frå Valle og dei andre krinsane tek del i idrett og andre fritidsaktivitetar i Skodjebygda.

Men no er det Valle sin tur! Og skal vi greie å finansiere ny skule på Valle dei næraste fire åra, krev vi to ting: For det første at idrettshallen ikkje må koste ei krone meir enn det som no er avsett. Går prisen opp, må vi redusere planane. Det andre er at kommunestyret må vere strenge med seg sjølv, og slutte å seie ja til alt som er “kjekt å ha”.

Venstre kjem til å framstå som eit nei-parti i Skodje fram til ny skule på Valle har blitt trygt plassert i ein økonomiplan. Ved kvar einaste vesle investering eller auke i sørvisnivået må vi spørje oss: Kan dette vente til vi har bygd ny skule på Valle?

Vi kjenner til både kva som har vore samla inn av pengar, og underskrifter på dugnadslister for ein ny skule som også kan vere eit godt grendahus. Vi trur ikkje at vallebygdarane sitt ynskje om ny skule er noko mindre og ekte enn skodjebygdarane sitt håp om idrettshall og kultursal. Men dette bør ikkje bli ein kamp mellom bygdelag. No byggjer vi idretts- og kulturhall først, fordi den vil alle innbyggjarane i Skodje frå tid til anna ha nytte og glede av. Samstundes har vi eit nytt mål klart for oss: Dagens førsteklassingar skal få avslutte skulegangen sin på Valle i ein ny skule.

Skodje Venstre veit kva som må til, og kjem ikkje til å inngå kompromiss som forkludrar dette målet. Det er vi som vågar å seie nei til alle dei små “kjekt-å-ha-tinga” som ikkje fører til dette målet.

Arnstein Sæthre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**