STEM VENSTRE – VED FYLKESTINGS- OG KOMMUNEVALET!

Klaus Iversen står på andreplass på Venstrelista til fylkestinget. Dette er ein såkalla sikker plass. Men det er ikkje nok å komme inn i fylkestinget. Venstre må gjere eit godt val, slik at ein oppnår posisjonar. Det er det politikk handlar om!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Gjer Venstre eit like godt val som i 2003, vert Venstre representert i fylkesutvalet ved ei kvinne frå kysten, Marit B. Krogsæter (frå Florø, oppvaksen i Askvoll), og andrekandidaten, Klaus Iversen, har god sjanse til å bli leiar av eit utval. Også fjerdekandidaten på fylkestingslisa er frå ein kystkommune, Sven Øvrebø frå Askvoll.

Ei meiningsmåling i tre aviser i fylket i dag viser at Venstre ligg nær til å få 5 representantar på fylkestinget. No gjeld det å mobilisere for 6. kandidaten, nemleg Kåre-Jarl Langeland frå Bremanger!

I denne perioden har det ikkje vore lett å få gjennomslag for prosjekt som gjeld tiltak i vår del av fylket. Ap (med sine 10 representantar) og Sp (med sine 12 ) har hatt eit formelt samarbeid og har bestemt politikken. Det er nok å minne om saka om ei klasse for motormekanikar og ei klasse matfag/ kokkefag ved Måløy vidaregåande skule for å forstå kor vanskeleg det er å få gjennomslag for tiltak som gjeld dette distriktet. Difor: Kysten må bli betre representert! STEM VENSTRE!

KOMMUNEVALET
I løpet av valkampen har vi møtt mange som seier seg leie for at Venstre ikkje stiller med ordførarkandidat. Vi er dei første til å seie oss leie for dette, men vi er sjølvsagt smigra over at de veljarar har tru på at ein kandidat frå Venstre ville gjort ein god jobb.

Det treng ikkje vere nokon samanheng mellom dei to vala. Når de har gjort dykk opp ei meining om kven som bør vere kommunens viktigaste ombodsperson, vonar vi at de også legg vinn på å få dyktige, engasjerte menneske som torer stå opp og seie frå, inn i kommunestyret. Såleis vonar vi sjølvsagt at mange vel Venstre si liste også ved kommunevalet.

Viktige saker vi vil arbeide for i kommande periode:
 ikkje innføre eigedomsskatt
 oppretthalde dei eksisterande skulane
 arbeide for å bygge nok sjukeheimsplassar og omsorgsbustader
 vere ein pådrivar for utnytting av alternative energiformer
 utvikle kulturskulen
 arbeide for utbetring av vegen Måløy-Holvik-Vågsvåg
 vere pådrivar for ferdiggjering av Vågsberget

Gode grunnar til å stemme Venstre:

 Kandidatar både frå kommune- senteret og dei fleste bygdene
 God yrkesmessig spreiing på kandidatane
 Både erfaring og fornying

Sjå heimesida vår:https://www.venstre.no/sognogfjordane/vaagsoy.no

STEM VENSTRE! STEM VENSTRE!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**