Yngste ordførarkandidaten i Giske!

Giske Venstre har den yngste ordførarkandidaten ved årets kommuneval i Giske. I tillegg er Venstre det einaste partiet i Giske kommune som stiller med ei kvinne som ordførarkandidat.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Britt Giske Andersen

Britt Giske Andersen
Foto: Ove Paulsen

-Eg er ikkje så oppteken av å trekkje fram at det er noko spesielt at eg er kvinneleg listetopp, seier Britt Giske Andersen, førstekandidat for Giske Venstre. For meg er det viktigast at lista vår representerer ei breidde for kommunen sine innbyggjarar i heilheit.

Lista vår er spesiell samanlikna med mange andre, då vi har fått til å ha fokus på breidde i samansetjinga. Alle dei fire øyane er representert, begge kjønn, kandidatar i alle aldrar og med ulik bakgrunn i utdanning og yrke. Eg er såleis stolt over at vi har ei sterk gruppe samla sett, som kan gjere sitt til at vi kan få mange gode innspel og gode diskusjonar i heile perioden som vi har føre oss.

Kva råd vil du gi til oss som skal ut å stemme på mandag?

-Det er viktig at dei som skal inn i kommunestyret skal spegle eit tverrsnitt av befolkninga, og at dei skal handtere saker som vi enno ikkje veit vil kome. Folket sin rett til å avgjere kven som skal styre fellesskapet er det mange i resten av verda som misunner oss. Difor er det viktig at alle som kan krype og gå og som har røysterett tek turen innom vallokala mandag for å gi si stemme, avsluttar Britt Giske Andersen.

Godt val!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**