Venstrekrav om kontinuerleg oppdatering om arbeidet med ny E-18

Bystyremedlem Jan Kløvstad har i dag sendt brev til ordførar og rådmann med krav om E-18-oppdatering på alle bystyremøte framover, for å sikre politisk oppbakking og oppfølging av det solide arbeidet rådmann Harald Danielsen gjer også med denne saka. Her er brevet:

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**

logo

Foto: meg

Jan Kløvstad
bystyremedlem for Venstre
Skjulestad
4849 Arendal

Austre Moland, 19. september 2007

Ordførar Torill Rolstad Larsen
Rådmann Harald Danielsen

KONTINUERLEG OPPDATERING
OM E 18 TVEDESTRAND-ARENDAL

Eg viser til tidlegare vedtak og debattar om E-18 mellom Tvedestrand og Arendal, både når det gjeld trasé, gang- og sykkelveg mellom Lillevåje og Goderstad, framdriftsplanar, finansiering og den pågåande konsekvensutgreiinga.

Dette er ei viktig sak for oss, og eg vil derfor be om å få ei skriftleg eller munnleg oppdatering til kvart møte i den nye bystyreperioden heilt til dei nødvendige vedtaka om
– trasé
– plassering i Nasjonal transportplan
– finansiering
er fatta.

Når det gjeld finansiering ber Venstre også om at gang- og sykkelveg på den nemnte strekningen Lillevåje-Goderstad SEINAST blir finansiert som ein del av nye E-18, for å berge liv mens trafikken framleis går på nåverande E-18.

Beste helsing

Jan Kløvstad

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**