Gratis med elbil på ferjene!

Miljøpolitikk handlar ikkje berre om avgifter, men også om fordeler for dei som tenker miljø, skriv Torstein Hatlevik

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Miljøavgifter vil for dei fleste kjennast positivt, om me gir mindre avgifter til dei som tenker miljøvenleg i kvardagen.

Me har lenge fremma bruk av elbilar for å spare miljøet for utslepp, dette har me gjort gjennom gratis bompengepassering og gratis parkering på offentlege parkeringsplassar. Elbilen har vært tenkt som løysinga i byane, grunna batteria berre haldt 8 mil. No kan bilane gå 18 mil før batteria må ladast, fleire pendlarar i distrikta kan då bruke elbil. Mange av desse pendlarane har dårlege kollektivtilbod der dei bur og mange må reise dagleg med ferje. Venstre tykkjer gratis ferje for dei med elbil må inngå i denne ordninga av goder for dei med elbil. Det vil være ei viderføring av godene elbileigarar allerede har, og vil ikkje koste samfunnet så mykje.

Venstre er partiet med dei gode miljøløysingane!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**