I 2008 vil me sette norsk rekord i CO2-utslepp!

Statsbudsjettet er lagt fram, det er det største budsjettet me har hatt nokon gong. Skattepengane strøymer inn i landet, og aldri har noko regjering hatt så mykje pengar å fordela. Dette gir ein svært gunstig posisjon for finansministeren, men også ei vanskeleg oppgåve om ein skal unngå stor renteauke og inflasjon.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Stupebrettene på Kalneset

Foto: Tore Rykkel

Dette kunne vært ei tid for store klimaløft, ei tid for å verkeleg satsing på miljøet.
Når eg overtok garden min, sa ein gamal mann til meg; hugs du må alltid levere garden videre til neste generasjon, i betre stand enn då du fekk den på lån. Dette må gjelde verda også! Dagens politikarar må ha radikale miljøløysingar om me skal ha noko igjen til å gje videre til dei komande slekter. CO2 utsleppa er den største trusselen mot global oppvarming. Kva har den raud-grønne regjeringa gjort med dette?

I 2008 vil Norge sleppe ut 57 millionar tonn CO2, dette vil bli det høgaste utsleppet Norge har hatt nokon gong! Regjeringa legg opp til å snu veksten av utsleppa ein gong mellom 2010 og 2015.

I budsjettet har regjeringa kalkulert med 2 milliardar i kvotesalg, medan dei skal kjøpe kvoter for 500 millionar fra andre land. Fra nyttår skal oljeselskapa ikkje betale CO2 avgift, men istaden kjøpa kvoter frå regjeringa. Når alt dette er gjort vil staten ha 500 milionar i overskudd på kvotesalg.
Slike inntekter burde gått til å stimulere fornybar energi. Me treng ein mykje meir framtidsretta miljøpolitikk.

Jorde åker landbruk

Foto: Jan Harsem

Den globale oppvarminga går mykje fortare enn forskarane kunne forutsjå, me kan ikkje venta med å ha dei miljøoffansive løysingane. Økonomisk vekst i landet kan ikkje lenger gå på bekostning av miljøet. Norge treng eit sterkt Venstre, partiet med dei radikale miljøløysingane! Venstre vil framleis kjempe for sterkare satsing på forskning og miljø.

Venstre vil satsa på framtida!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**