Venstre deltok på ELDR-kongressen

Fem delegatar frå Venstre deltok på den 28. partikongressen til The European Liberal Democrat and Reform party (ELDR) i Berlin 18.- 19. oktober. Under overskrifta “A liberal Europe for a free world” var Venstre – representantane aktivt med på å vedta politikk for ELDR på sentrale område som klimautfordringane, Europas rolle for demokratiutvikling, og Europa som ein global partnar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Venstre deltok på ELDR-kongressen Bilde: Ingvild Boe-Hornburg, Trine Skei Grande, Terje Breivik, Anne-Margrethe Larsen og Boye Bjerkholt

Venstre deltok på ELDR-kongressen Bilde: Ingvild Boe-Hornburg, Trine Skei Grande, Terje Breivik, Anne-Margrethe Larsen og Boye Bjerkholt

Kongressen i år var ekstra spesiell for Venstre. Etter å ha vore assosiert medlem i ELDR i fleire år, vart me i 2006 opptekne som fullverdige medlemer med alle rettar frå og med 01.01.2007. Å ha røysterett på linje med resten av kongressdelegatane gjer unekteleg deltakinga endå meir interessant og viktig. At ELDR gjev eit nei — parti frå eit land utanfor EU fullt medlemsskap viser til fulle at liberale verdiar som storsinn og toleranse i høgaste grad er universelle.

Ein paraplyorganisasjon
ELDR er ein paraplyorganisasjon for 51 liberale parti frå meir enn 30 europeiske land. På kongressen møter det ca 400 delegatar. Dei fleste er aktive politikarar. Statsministrar, ministrar, parlamentarikarar frå nasjonalforsamlingane og frå Europaparlamentet er tilstades i hopetal. Elles treffer ein mange frå partisekretariata og rådgjevarkorpsa til parlamentsgruppene.

Vedtak som vert fatta under ELDR — kongressen er retningsgjevande politikk for alle liberale parti i Europaparlamentet. Ikkje minst gjeld det for innhaldet i dei meir enn 20 fråsegnene som vart behandla og vedtekne.

Klimaendringane stod sentralt
Klimaendringane var eit hovudtema i Berlin. Det gav seg mellom anna utslag i ein paneldebatt med svært sentrale aktørar som deltakarar: Ivan Hodac (generalsekretær i det Europeiske forbundet for bilfabrikkantar, ACEA), Dr Ritu Kumar (direktør for det Europeiske Energi og Ressursinstituttet), Dr Lu Xuedu (sjefsforhandlar for Kina i klimaforhandlingane i FN) og Lord Teverson (frå Liberal Democrats, Storbritania). Kortversjonen av debatten er at klimaspørsmålet utvilsamt vert teke på alvor i alle leirar. Eller som Ivan Hodac sa det innleiingsvis:

– Alle må bidra. Aldri har me som bilbransjeorganisasjon hatt eit viktigare spørsmål på agendaen.

Haldningane bak og løysingane ELDR skisserar for klimaendringane er til forveksling lette å kjenna seg att i:

ELDR føreset at borgarane forventar at Europa tek ei leiande rolle i å utvikla løysingar og å få dei til å fungera.
ELDR oppmodar medlemspartia til å overtyda eigne regjeringar om kor avgjerande det er å redusera utsleppa av drivhusgassar med 30% mellom 1990 — 2020.
EU er i ein unik posisjon til å ta på seg eit globalt leiarskap for å løysa klimautfordringane. EU har difor eit ansvar for å ta på seg ei slik rolle, i tett samarbeid med resten av verda, ikkje minst FN og andre internasjonale organisasjonar.
Marknaden må brukast aktivt for å få redusert utsleppa av drivhusgassar.
Enkeltmennesket må setjast i stand til å ta klimavenlege val.
Forsking og utvikling av fornybare energikjelder i EU vil vera ein sentral del av den internasjonale kampen mot klimaendringane.

I ganske klare ordelag uttrykkjer ELDR at det enno er lite, verkeleg forståing, sjølv i politiske sirklar, for kva tempo som er nødvendig alt no for å forhindra ein klimakatastrofe,

Annemie Neyts-Uyttebroeck

Foto: ELDR.org

Val
Konferansen vart avslutta med fredag 19. med val av leiar og fire nestleiarar. Annemie Neyts-Uyttebroeck, Europaparlamentsmedlem frå Belgia var einaste kandidat og vart vald som leiar for nye to år.

Siste kvelden i Berlin nytta me til hyggeleg samvære og middag saman med gode venner frå søsterpartiet vårt i Sverige, Folkpartiet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**