– Kvikksølvskadar må på bordet

Det krev stortingsrepresentant Gunvald Ludvigsen (V). Han er uroa over ein rapport som langt på veg slår fast at kontakt med kvikksølv kan ha gjeve seinskadar hos tannlegepersonell.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Rapporten, som vart laga på oppdrag av Arbeids- og inkluderingsdepartementet (AID), vart nyleg lagt fram på ei konferanse i regi av Fagforbundet. Den tek opp eksponeringa for kvikksølv hos tannhelsepersonell og førekomst av moglege seineffektar. I rapporten er det opplyst at ein stad mellom 0,5% og 3% av tidlegare tannhelsepersonell kan ha fått kognitive seinskadar som følgje av kvikksølveksponering.

 Gunvald Ludvigsen er uroa over antall seinskader som følgje av kontakt med kvikksølv

Gunvald Ludvigsen er uroa over antall seinskader som følgje av kontakt med kvikksølv

– Desse tala uroar meg, difor er det viktig å få dei verkelege tala på bordet, seier Ludvigsen.

Krev svar frå Hanssen
– Prosentane må omsetjast i klåre tal, då krevst det ei grundigare gransking, meiner Ludvigsen. Difor har han oppmoda statsråd Bjarne Håkon Hanssen om å granska saka nærare. – Kor mange i absolutte tal kan ha fått kognitive seinskadar som følgje av kvikksølveksponering, spør Ludvigsen.

– Å få ei kvantifisering i absolutte tal er naudsynt for at ein skal få ei realistisk oppfatning av kor mange som kan ha fått alvorlege seinskadar, meiner Ludvigsen.

 Venstre fremja forslag om kompensesenter for kjemikalieskadar

Venstre fremja forslag om kompensesenter for kjemikalieskadar

Foreslår kompetansesenter
Venstre fremja onsdag eit representantforslag for Stortinget der ein tek til orde for eit nasjonalt kompetansesenter for kjemikalieskadar. De t skal ha som hovudoppgåve å forske og kartlegge kjemikalieskadar påført i jobbsamanheng.

– Det vert stadig avdekka nye område kor det er sannsynleg at kjemikaliebruk på arbeidsplassen har ført til varige helseskadar og dødsfall. Vi har hatt ei rekke saker dei siste åra, som kvikksølvdamp og tannhelsesøstre og kreftrisiko ved ulike laboratorium i universitetsmiljøa i Trondheim, Bergen og Oslo, seier Ludvigsen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**