Helge Hauge, Gerhard Alsaker og det anonyme brevet!

16.10.07 kom det eit brev til Tysnes kommune som var stila til kommunen og leiarane i dei politiske organa i kommunestyret i Tysnes. Dette brevet vart sendt anonymet, så Venstre har valgt å svare på brevet offentleg. Som de veit frå sist Tysnes omhandla brevet forholdet mellom Alsaker og Hauge, dette skriv Torstein Hatlevik.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**

Torstein Hatlevik

Foto: Kari Østervold Toft

Tysnes Venstre er kanskje eit av dei partia som har kjempa sterkast for å forandre den politiske leiinga i kommunen, og er saman med Tp dei einaste partia som verkeleg er eit alternativ til dagens styre. Innhaldet i brevet vil eg ikkje kommentera, men vil seie noko om kva eg syntest om ein slik måte å gå fram på.
Eg er sterkt kritisk til at anonyme brev skal få så stor merksemd som dette har fått. Det norske demokratiet byggjer på opne prosessar og diskusjonar, det er verkeleg grunnmuren korleis me debatterer og tenkjer.
Me kjenner systemet med anonyme brev fra mange diktatur og kommunist/sosialistiske styresett, dette er ikkje noko me ynskjer i vår lokalpolitikk. Anonyme brev kan ikkje få styra debattane i kommunen vår, dette er ikkje ein ynskjeleg vei å gå.
Det er veldig bra at folk deltek i debattana, det skapar eit levande og ope demokrati. Dette skal etter mi meining skje med navn! Bladet Tysnes har også opna for liknande debattar på sine nettsider, der folk kan skriva inn anonymet. Der er det stadig ting på trykk som er mot norsk lov og dette er også eit fora der folk blir uthengde og mobba. Det er svært uheldig at me opnar for den type debattering i offentlege fora. Visst folk ikkje kan stå for sine meiningar, bør dei heller ikkje få ytra dei offentleg. Det er ikkje alltid lett å væra den som står fram med sine meiningar, men du vil alltid vinna på det til slutt.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**