Uroa for aukande bruk av tvang

Bruken av tvang aukar overfor pasientgrupper som psykisk utviklingshemma, psykisk sjuke og demente (Sintef, 2007). – Dette er svært urovekkjande og vi må innsjå at lovverket ikkje kan løyse alt, seier Venstre sin helsepolitiske talsmann Gunvald Ludvigsen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**

 Gunvald Ludvigsen vil ha tiltak mot tvang i helsetenesta.

Gunvald Ludvigsen vil ha tiltak mot tvang i helsetenesta.

Rammar dei svakaste
Forsking viser at problematikken rundt behandling og tvang, også heng saman med fattigdom og bustadløyse. Kort sagt er det dei svakaste i samfunnet som vert råka.

– Dei pasientane det blir brukt tvang overfor, anten det er tvunge psykisk helsevern, tvangsbehandling eller tvangsmiddel, har dårlegare økonomi, lågare utdanning og svakare sosial tilknyting enn dei pasientane som blir behandla frivillig, seier Ludvigsen (V).

– Dette fortel oss at dersom vi klarer å betre den generelle livssituasjonen til desse, som for eksempel eit høveleg butilbod, så hjelper dette positivt òg i behandlingssituasjonen, seier Ludvigsen (V).

Psykisk helse

Foto: Microsoft

Meir opplæring
Helsepersonell rapporterer at dei kjenner seg usikre i situasjonar kor det blir brukt tvang. Derfor trengst det også tryggleik rundt kvar situasjon for at tvang der kor det er nødvendig blir brukt minst mogeleg, og på ein så forsvarleg måte som mogeleg. – Vi må ha ein auka medvitsgjering og opplæring i menneskerettane, slik at helsepersonell kan gjere dei riktige refleksjonane når det blir snakk om bruk av tvang. Det krev eit større fokus på tvangsbruk i heile tiltakskjeden, meiner Ludvigsen (V).

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**