Interpellasjon til kommunestyret

Ørskog Venstre og resten av Felleslista la fram ein interpellasjon til Ørskog kommunestyre i møte 29.11.07, vedr. trafikktryggingstiltak i Ørskog sentrum.
Her kan du lese kva vi la fram.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Til
ØRSKOG KOMMUNESTYRE

INTERPELLASJON

29.NOVEMBER 2007.

TRAFIKKTRYGGINGSTILTAK SJØHOLT SENTRUM — E136/E39.

Trafikken på E136/E39 gjennom Ørskog og Sjøholt sentrum er stor og aukande. Vi registrerer at ein stendig større del av trafikken er tungtransport med store køyretøy. Dette gjev aukande fare for alvorlege ulukker — særleg knytta til dei mjuke trafikantane.
Behovet for ulike tryggingstiltak knytta til E136/E39 gjennom bygda vår er stort.
Ørskog kommune vedtok 30.08.07 kommuneplan for perioden 2007-2019. Her er teke med ei rekkje målsetjingar og tiltak som gjeld Sjøholt sentrum og E136/E39.
Her kan m.a. nemnast:
«Det skal snarast utarbeidast ein plan og gennomførast tiltak for å etablere ei miljøprioritert gjennomkøyring av Sjøholt sentrum».
«E136/E39 skal leggjast utanom Sjøholt sentrum og tilstøytande bygdelag».
Dette er målsetjingar vi alle må arbeide målbevisst med. Vi må dessutan innsjå at det tek tid før vi er i mål. I denne tida er det viktig å få på plass tiltak som raskt har verknad og som kan vere med på å gjere det tryggare for alle trafikantar på denne delen av E136/E39.
Slike konkrete tiltak kan m.a. vere:
 Skikkeleg god skilting av fotgjengarundergangen i Sjøholt sentrum (og på Steinholt) — slik at alle vert merksame på at her er trygge krysningspunkt.
 Fotoboksar vedk. fart må på plass i sentrum. Dette er tiltak som fleire har arbeidd for tidlegare.
Vi bør ta opp att saka. Vi kan ikkje vente på dei alvorlege ulykkene før eit slikt tiltak vert sett i verk.
 Redusert fart på heile eller deler av vegstrekninga Abelset — Valgermo.

Vi bed ordføraren gje sine vurderingar og svar på utfordringane ovanfor.

Vidare bed vi om at interpellasjonen vert teke som eiga sak på kommunestyremøtet 29.11.07 og tillet oss å fremje følgjande framlegg til vedtak i saka.

Ørskog kommunestyre vedtek at det vert arbeidd vidare i høve dei rette instansar med følgjande trafikktryggingstiltak knytta til E136/E39 gjennom Ørskog/Sjøholt sentrum:
 Skikkeleg god skilting av fotgjengarundergangen i Sjøholt sentrum – og på Steinholt.
 Fotoboksar vedk. fart må på plass i sentrum. Dette er tiltak som fleire har arbeidd for tidlegare.
Vi ber om nye vurderingar med sikte på snarleg etablering av fotoboksar i Sjøholt sentrum
 Redusert fart i høve dagens fartsgrenser på heile eller deler av vegstrekninga Abelset — Valgermo.

Felleslista KRF — SP — Venstre v/Ragnar Bakken

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**