Ørskog Venstre – oppsummering av 2007

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


KOMMUNEVALET 2007

Ørskog Venstre stilte til val i september på fellesliste saman med KRF og SP
Felleslista fekk størst oppsluning av dei 4 vallistene ved valet i Ørskog.
Lista fekk 6 representantar i kommunestyret — av i alt 17.
4 av desse kjem frå Venstre:
 Åse Karin Gjære
 Knut A. Sørdal
 Ragnar Elias Bakken
 Heidi Heggem Knutsen
Dei 2 andre er : Karl Johan Vaksvik — SP og Odd Asbjørn Nybø — KRF.
Åse Karin Gjære var felleslista sin kandidat ved det direkte ordførarvalet.
Ho vart slått på målstreken av Thorbjørn Fylling frå FRP — 451 og 438 røyster.
Konstituering av kommunestyret og ei rekkje andre val er no gjort unna.
I samband med konstitueringa samarbeidde Felleslista med AP (til saman 10 repr.)
Dette ga god utteljing for våre folk i ulike råd og utval.
Partia har dessutan utarbeidd ei felles politisk plattform for arbeidet vidare i kommunestyret.
Dette plattforma vil verte offentleggjort om ikkje lenge.
Vi tek med noko lite frå konstitueringa:
 Varaordførar: Åse Karin Gjære — Venstre
 Formannskapet: Åse Karin Gjære og Ragnar Elias Bakken
 Heidi H. Knutsen er 2. vara. til f.skapet på felleslista/AP si liste. Karl Johan Vaksvik er 1. vara.
 Utval for helse — sosial — oppvekst — kultur: Heidi Heggem Knutsen nestleiar.
 TNM: Odd A.Nybø (KRF) er leiar medan Jon Egil Sollied er Venstre sin repr. i utvalet.
Vi kan sjå tilbake på ein god valkamp og eit godt valresultat.
TAKK til alle medlemmer, veljarar og sympatisørar for hjelp og støtte knytta til kommunevalet 2007.

ÅRSMØTET 2007
Venstre sitt årsmøte vart halde 3. desember 2007.
Årsmelding og rekneskap vart godkjende. Desse viser eit aktivt Venstreår i Ørskog.
Arbeidet har i særleg grad vore knytta til politisk arbeid i kommunestyre, formannskap og utval.
Dessutan tok kommunevalet mykje tid og pengar. Økonomien er ved årsskiftet så vidt på plussida!
Vala på årsmøtet:
 Leiar/sekretær: Ragnar Bakken – 2008
 Kasserar: Knut Sørdal – 2008-09
 Styremedlem: Åse Karin Gjære – 2007-08
 Styremedlem: Heidi Heggem Knutsen – 2008 – 09
 Varamedlemmer:
1. Ingar T. Walbø. 2. Gro Christiansen. 3. Frode Elias Synnes. 4. Randi Otnes
 Revisorar: Ingar T. Walbø og Olav Maridal
 Valnemnd for 2008: Ola Sønderland og Asbjørn Søvik
Årsmøtet drøfta elles:
 Hurtigtogbane til vårt distrikt.
 Rekruttering av nye medlemmer.
 Andre aktuelle saker — Sjøholt sentrum — kommunebudsjett 2008.

MEDLEMMER:
Pr 1. desember 2007 har Ørskog Venstre 22 registrerte medlemmer.
Medlemmene er ein svært viktig ressurs for lokallaget.
Venstre er i vekst — jf. meiningsmålingar — og Ørskog Venstre har plass for fleire medlemmer.
Ikkje alle av våre registrerte medlemmer har betalt medlemspengar siste året (åra).
På nyåret 2008 kjem giro frå sentralt i Venstre. Då vonar vi at alle våre registrerte medlemmer betaler for 2008. Det vil vere flott! Skulle det finnast nokon som ikkje lenger vil vere medlem av Venstre: Ta kontakt med leiar — slik at dette kan verte ordna opp med gjennom utmelding til Venstre sentralt. Alle står som medlem inntil eventuell utmelding skjer. Kontingenten sist år var samla til sentralt- fylkes — og lokalnivå 225 kroner. Av dette går 50 kr pr medlem tilbake til lokallaget.
Vi vil dessutan oppfordre DEG til å verve 1 eller fleire nye medlemmer til Ørskog Venstre!
Meld frå til leiar eller ein annan i styret.

INTERNETTSIDE.
Ørskog Venstre har eiga, nyoppretta side.
Gå inn på www.venstre.no — vidare venstre kolonne «Fylkeslag»: Møre og Romsdal
Til slutt: «Lokallag»: Ørskog
Åse Karin Gjære har hovudansvaret for sida. Kom gjerne med innspel m.m.
Vi tek sikte på å halde sida rimeleg oppdatert på det som skjer i Venstre lokalt.

LOKALPOLITIKK.
Venstre gjekk til val på eit eige lokalprogram med prioriterte saker. Vi samarbeider sjølvsagt nært med KRF og SP — partia vi hadde felles valliste saman med.
Dessutan har vi eit visst samarbeid med AP gjennom ei felles politisk plattform utforma i samband med konstitueringa av kommunestyret hausten 2007.
Desse dokumenta gjev grunnlaget for vår lokalpolitikk og våre prioriteringar.
Vi er dessutan svært glade for og interesserte i at medlemmer og folket i Ørskog tek kontakt med oss i samband med konkrete saker, forslag, idear og synspunkt.
Venstre sitt lokalprogram finn du på heimesida vår.
Vi har mange store og mindre store saker å arbeide vidare med!

JUL — og NYTT ÅR:
Jula 2007 er like om hjørnet. Vi ønskjer alle ei: GOD JUL 2007!
Nytt år: GODT NYTT ÅR 2008 TIL ALLE!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**