Felles politisk plattform

Ørskog Venstre har saman med Ørskog Krf og Ørskog Sp utarbeidd ein felles politisk plattform for valperioden.
Vi viser til avtale datert 12.09.07 i samband med konstitueringa av Ørskog kommunestyre
pkt 1 : «Ein tek sikte på å utarbeide ei felles politisk plattform for kommunestyreperioden.»

Dei 4 lokalpartia av AP — KRF — SP — Venstre har sine sjølvstendige valprogram knytta til kommunstyrevalet 2007 — gjeldande for perioden 2007-2011.
I tillegg har partia utarbeidd ei felles politisk plattform for perioden.
Plattforma er handsama i styra i lokalpartia og dei 2 kommunestyregruppene.
Her kan du lese kva denne omfattar

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


POLITISK PLATTFORM FOR KOMMUNESTYREPERIODEN 2007-2011

ØRSKOG AP — ØRSKOG KRF — ØRSKOG SP — ØRSKOG VENSTRE

Arbeidsgjevarpolitikk som stimulerer til kompetanseoppbygging og seniorpolitikk som motiverer for å stå i arbeid lengst mogeleg.

Ikkje privatisering av eksisterande kommunale tenester

Vegar
1) Få Børdalslinja inn på nasjonal transportplan
2) Arbeide aktivt for å få lagt E136 utanom sentrum og nærliggande bygdelag
3) Fast dekke på kommunale og fylkeskommunale vegar

 Trafikktrygging
1) Gjennomgåande gangvegsystem Tøsse — Viset + ved Steinholtbrua
2) Få til strakstiltak som kan auke trafikktryggleiken langs E39 /136
3) Trafikktryggande tiltak som gjer det tryggare for gåande og syklande

Sentrumsutvikling
1) Ny busshaldeplass 2008
2) Fullføre arbeid knytta til Måsøyran — Hamna — Sjøholtvegen (gamlevegen)

Miljø
1) Utarbeide klimaplan i 2008 — planen skal følgast opp
2) Miljøstasjon
3) Oppretting av lokal miljøpris
4) Betre stell og vedlikehald av kommunale grøntanlegg
5) Etablere ei utegruppe / utestyrke

Opplæring — skule — barnehage – barnevern
1) Elevverksemder
2) Behalde 2 skular og 2 barnehagar med høg kvalitet
3) Full barnehagedekning frå utgangen av 2007
4) Barnehagetilbod og skulefritidsordning til ein pris som gjer dei tilgjengelig for alle
5) Vere aktiv i arbeidet med å halde på og vidareutvikle Ørskog Vidaregåande skule
6) Barnevern — førebyggande arbeid skal prioriterast
7) Ørskog skal ha ein ansvarleg rusmiddelpolitikk i nærmiljøet der den overordna målsettinga er at ingen skal ta skade av eigne eller andre sine rusmiddelvanar

Kultur
1) Kulturskuletilbod til alle born / unge som ynskjer det
2) Sikre god drift av idrettshall, samfunnshus og andre kultur og idrettsanlegg
3) SAM-prosjekt – 1 nytt kvart år, desse må definerast og synleggjerast

Bustadbygging
1) Utleiebustader til ungdom
2) Byggeklare tomter i alle deler av kommunen
3) Soneplan for Sjøholt sentrum og nærliggande område — kartlegging av tomter og vegløysing.

Næring
1) Aktiv markedsføring av ledige nærings- og bustadtomter —jfr. Vedteken markedsføringsplan
2) Ørskog kommune ei JA-kommune, med høg service og korte svarfristar
3) Betre kommunale tenester i høve næringsetablering, bustadbygging, turistinfo/reiseliv.

Helse — omsorgstenester
1) Utvikle Steinholt Busenter til eit trygt alternativ for eldre
2) Styrke og vidareutvikle heimebaserte tenester, inklusiv avlastningstilbod
3) Utvikle samarbeid med Frivillighetssentralen og de kommunale tjenester
4) Sikre ei forsvarleg nedbygging av bu- og habiliteringstenesta gjennom statlege midlar

Interkommunalt samarbeid
1) Få på plass 2 nye interkommunale prosjekt i perioden
2) Vidareutvikle eksisterande interkommunale prosjekt

Uaktuelt med sal av aksjar i Tafjord kraft og Ørskog Energi i valperioden

I botn for dette skal ligge ein ansvarlig økonomisk politikk m.o.t investeringar, renteutvikling

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**