Trugar personvernet

Viss registra i helsevesenet var betre samkøyrde og oppdaterte, kunne mange liv blitt spart, seier assisterande direktør Camilla Stoltenberg ved Folkehelseinstituttet til NRK i dag. Det blir stadig fleire nasjonale register i helsesektoren og presset for å samkøyre registra aukar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Venstre meiner dette går på personvernet laus og kan ikkje sjå at det er dokumentert at liv kan bli spart ved å samkøyre stadig fleire helseregister.

Naiv tru på registra
– Vi fryktar at stadig fleire opplever at dei må beskytte seg mot helsevesenet. Stoltenberg sitt utsegn er difor svært underleg og er prega av ei naiv tru på at helseregistra åleine reddar liv. Det må eg be henne om å dokumentere, seier helsepolitsi talsmann i Venstre Gunvald Ludvigsen.

– Teknologien set ingen grenser for personvernet. Det er det Stortinget og Regjeringa som må gjere, seier Ludvigsen.

 Venstre fryktar at persovnvernet taper terreng i helsepolitikken

Venstre fryktar at persovnvernet taper terreng i helsepolitikken
Foto: Microsoft

– I samfunnet sin iver etter å kartlegge befolkninga risikerer vi at folk mister tillit til helsevesenet. Engsting og utryggleik kan oppstå når opplysningar som er gitt i fortrulegheit til helsepersonell blir videreformidla til eit sentralt register utan at pasienten har samtykka i det eller veit om det, seier Ludvigsen.

Grenser blir flytta
Venstre meiner grenser når det gjeld personvernet innan helsesektoren stadig blir flytta.

– Vi er opptekne av at eit kvart menneske skal vernast mot utilbørleg registrering, overvaking og inngripen i privatlivet. Offentlige myndigheiter har sjølvsagt behov for informasjon, men problemet er at dette er i ferd med å ta overhand. Mange føler seg personleg invaderte når ein får vite om kor mange som har tilgang til intime og personlege opplysningar , seier Ludvigsen.

 Venstre går i mot abortregister

Venstre går i mot abortregister
Foto: Microsoft

Gunvald Ludvigsen slår fast at isolert sett er det mogleg å forsvare det meste.
– Det er imidlertid summen av alle opplysningar som innhentast som blir problemet. Dette er ein situasjon som også Datatilsynet og Legeforeningen har åtvara mot, seier han.

Opplysningane finnes allereie
Venstre deler til dømes Datatilsynet sitt syn på at man ikkje treng eit nytt register for å nå føremålet om meir kunnskap om praktisering av abortlova, evaluere tiltak mot uønska abort og svangerskapsavbrott og bedre kvaliteten i behandlinga av kvinner si reproduktive helse. Desse opplysningane finnes allereie anonymisert i Nasjonalt Pasientregister og Medisinsk Fødselsregister.

– Vi kan ikkje utan vidare la forskingsformål gå foran personvern, avsluttar Gunvald Ludvigsen.[

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**