Pressa statsministeren til sjukehus-garanti

Under dagens spørjetime i Stortinget utfordra Venstre sin helsepolitiske talsmann, Gunvald Ludvigsen, statsministeren om lokalsjukehusa. – Kan statsministeren gje ein garanti om at ingen lokalsjukehus skal leggjast ned, spurde Ludvigsen. Han fekk eit krystallklart svar frå Stoltenberg: – Ja, det kan eg garantere.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Bakgrunnen for Venstres spørsmål er nedslåande signal frå helse-Noreg, der mange lokalsjukehus vert truga av nedlegging. Økonomien ved sjukehusa i landet er pressa, noko som ikkje minst gjeld lokalsjukehusa. Tidlegare i januar skapte SV sin Olav Gunnar Ballo ny uvisse om lokalsjukehusa, med følgjande kommentar i Dagens Næringsliv (12.01.08): “Noen sykehus vil det nok være riktig å legge helt ned. Vi kan jo ikke ha som mål at enhver tjeneste skal bestå.”

 - Eg meiner det er gledeleg at statsministeren gav ein garanti utan atterhald, sier Ludvigsen.

– Eg meiner det er gledeleg at statsministeren gav ein garanti utan atterhald, sier Ludvigsen.
Foto: Valavis 2005

Bryt lovnader
– Utsegnene frå Ballo er stikk i strid med regjeringa sine lovnader. Lokalsjukehusa har ein særs viktig funksjon i dagens og framtidas helse-Noreg. Vi kan ikkje akseptere at regjeringa sine eigne representantar skaper utryggleik om lokalsjukehusa, seier Ludvigsen.

Gledeleg
Venstre og Ludvigsen gler seg over det utvetydige signalet frå statsministeren i dagens spørjetime på Stortinget.
– Eg meiner det er gledeleg at statsministeren gav ein garanti utan atterhald. Når statsministeren garanterer på denne måten, så gir dette sterke signal til styra i helseføretaka, og til folk flest om at dei skal få behalde lokalsjukehusa sine. På denne måten sikrar vi folk nærleik til spesialisthelsetenestene, og det er vesentleg for Venstre, seier Gunvald Ludvigsen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**