NEI TIL KRAFTLINJE MELLOM MONGSTAD OG KOLLSNES

Radøy Venstre går sterkt imot planane å byggje ei kraftline mellom Mongstad og Kollsnes med luftspenn. Dette fordi eit slikt tiltak vil vere eit omfattande naturinngrep i eit kystområde av nasjonal verdi. dersom eit slikt tiltak skal realiserast krev Radøy Venstre at kraftledningen må leggjast i kabel i sjø og jord.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Radøy Venstre ynskjer vidare ein ny, moderne kraftoverføringspolitikk som tek betre miljøomsyn. I dag vert kraftlinevedtak gjort etter energilova, der omsynet til miljøet har liten plass. Dette vil Radøy Venstre ha endra, noko som inneber at St.prop. 19 (2000- 2001), som omhandlar kraftoverføring, må erstattast av ein ny. Det vil ikkje vere urimeleg å påleggje olje- og gassektoren kostnadene med kabling i sjø og jord.

Radøy Venstre understrekar også at ein ikkje veit nok om eventuelle negative helseeffektar av stråling frå kraftliner, og meiner at det må forskast meir på dette området.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**