Tok ikkje attval som fylkesleiar

Sølvi Merete Mangerøy tok ikkje attval som leiar for Hordaland Venstre. “Som fylkesleiar bør ein vera ein inspirator og ha “det lille ekstra” som skal til for å leia organisasjonen framover. Mitt “lille ekstra” har eg her i vogna.”, seier tidlagare fylkseleiar Sølvi Merete Mangerøy

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


“Vervet har vore krevjande, inspirerande og lærerikt. Eg har hatt med meg eit erfarent styre, og me har fungert godt som eit team.”, seier Mangerøy. Ho presiserar at sjølv om ho tek “mamma-pause” så er det berre frå leiarvervet. Ho vart valt inn som medlem i fylkesstyret, og er framleis aktiv i kommunepolitikken og dei verva ho som folkevalt fekk både i kommune og i fylket. “Hordaland Venstre er eit stort og viktig fylkeslag. Mona H.Hellesnes, som er ordførar i Ulvik, har teke over som leiar. Ho er ein dyktig politikar som eg gler meg til å samarbeida med.”, avsluttar Sølvi Merete Mangerøy

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**