Motorisert ferdsel i utmark må inn i ordna former

For å imøtekome ungdomen og andre med positive interesser for terrenggåande motorkøyretøy, og hindre dei i å kunne vera lovbrytarar, og for å beskytte naturen, miljøet og det vanlege friluftslivet, meiner Telemark Venstre det er viktig og nødvendig å få motorferdsel i utmark inn i meir ordna former.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**

Snøscooter

Dette kan ein få til ved å ha nokre faste trasear øyremerka for lovleg motorferdsel, og med det få denne trafikken vekk frå område, stigar og løyper med føremål tradisjonelt friluftsliv, turgåing og skiløyper. På denne måten vil ein betre kunne kome alle interesser i møte, og med god grunn kunne slå ned på eventuell ulovleg køyring, ved å vise til at dei lovlege tilboda fins.

Motorferdselløypene må sjølvsagt ikkje vera i konflikt med miljømessige forhold eller andre bruksføremål, og ha eit omfang tilpassa dei lokale forholda.
Det er viktig å utvikle dette tilbodet i nær kontakt og samarbeid med dei interessegruppene dette gjeld på begge sider av eventuelle interessekløfter.

Venstre vil arbeide for at ein får desse traseane inn i kommunal plansamanheng, og kombinert med ein vanleg stig- og løypeplan, eventuelt som ein tematisk del av arealplanen.

Motorferdsel i utmark er, som kjent, i utgangspunktet forbode, mellom anna av omsyn til miljøet og friluftslivet, men lova opnar for ei rekkje unnatak gjennom løyve og dispensasjonar, serleg ut frå næringsinteresser og det samfunnsmessige nytteaspektet.

Årsmøte i Telemark Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**