Fryktar ukultur!

“Frykter ukultur i NAV”, dette var eit av hovudoppslaga i nyheitene i slutten av februar. Forskar Alf Reiar Berge fryktar ein ukultur i den statlege hjelpeetaten NAV. Han legg fram ein forskingsrapport som i stor grad dokumenterer at unge på attføring ikkje vert møtt med respekt!, skriv Sølvi Merete Mangerøy

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Dette er alvorleg. NAV-reforma skulle gjera det enklare å gje rett hjelp til brukarane. Folk skulle sleppa å vandra frå kontor til kontor for å få hjelp. Alt skulle bli enklare og betre. Difor gjer det meg trist om det skulle visa seg at dei som søkjer hjelp ikkje får det, og forlet kontora med ei dårlegare sjølvkjensle enn då dei kom, seier Mangerøy. Dette er dei ikkje verdig! NAV har ei klår oppgåve å hjelpa brukarane av tenesta attende i arbeid i den grad, og i den type arbeid som brukaren har evner og kompetanse til, evt hjelpa å skaffa ønska kompetanse gjennom omskolering. Det er ikkje berre forskar Berge som har lagt fram dokumentasjon. Sivilombodsmann Arne Fliflet rettar i ein fersk rapport krass kritikk mor NAV`s behandling av psykisk sjuke og personar med funksjonshemming. Ei slik behandling av menneske vil me ikkje vere bekjend av! Her har arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hansen( legg merke til tittelen!) ei sak han snarast må gripa tak i. Venstre skal hjelpa til så ikkje saka vert gløymd, sjølv om media ikkje skriv om den! Den kostnaden einskildskjebnane betaler er uverdig store. Og no har eg ikkje ein gong nemnt at Noreg skrik etter arbeidskraft, for det er uvesentleg i denne samanhengen, avsluttar Sølvi Merete Mangerøy.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**