Uttalelse: Demokrati og fred må vinne fram i Kenya

Sist veke vart opposisjonen og regjeringa i Kenya samde om ei ny koalisjonsregjering. Avtalen vart mekla fram av fredsprisvinnar Kofi Annan med støtte frå Noreg. Partane er einige om grunnlaget for regjeringa, og forhandlar vidare om endring av grunnlova, økonomisk utvikling og landreform.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Kenya har vore nær borgarkrig sidan presidentvalet 27. desember. Fleire år med frustrasjon over fattigdom og manglande demokratisk innverknad toppa seg då folk følte seg lurt for valresultatet, og gav seg utslag i vald. Leiande politikarar har piska opp etniske motsetningar for å vinne fram med politiske krav og sikre seg posisjonar i landet.

No kan arbeidet med å samle Kenya att, starte.

Landsstyret i Venstre meiner Noreg må hjelpe Kenya gjennom utfordringane dei står overfor. Regjeringa må få tilbod om støtte, særskild til demokratiutvikling og reform av grunnlova. Det må arbeidast for forsoning, menneskerettar og miljø og for å styrke stillinga til utsette grupper. Her vil både regjeringa og organisasjonar i sivilsamfunnet ha ein naturleg plass.

Når regjeringa har demonstrert at ho kan sikre politisk stabilitet og vil fremje demokratisk utvikling, bør Noreg og vurdere budsjettstøtte framfor øyremerka støtte. Slik viser Noreg tillit til den nye folkevalde regjeringa, og gir ho spelerom og støtte til å samle landet igjen.

Kenya viser at vi må tåle tilbakeslag i demokratiutviklinga i Afrika, men at det er mogleg å løyse valdlege konfliktar gjennom dialog og demokratiske verkemiddel.

Venstre sitt Landstyre vil at Noreg skal medverke til at Kenya framleis vil spele ei viktig rolle i den demokratiske og økonomiske utviklinga i Aust-Afrika.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**