Stor Optimisme på årsmøtet

Møre og Romdal Venstre var samla til årsmøte på Sunndalsøra.
Godt 70 utsendingar frå heile fylket tok del.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Frå Bygdebladet sitt område:
Vestnes: Greta Bjerke og Åsmund Skålvik
Skodje: Arnstein Sæthre
Ørskog: Ragnar Bakken og Ola Sønderland.
Stortingsrepresentant Leif Helge Kongshaug og nestleiar Trine Schei Grande tok del.

Venstre fokuserer på desse hovudområda i det politiske landskapet:
Skule — miljø — småverksemder — sosialt ansvar.

Venstre gjorde eit godt val i 2007 og er i medvind med gode meiningsmålingar.
Dei 2 Stortingsrepresentantane hadde sine politiske innlegg følgd opp av friske debattar i ei engasjert forsamling. Ei rekkje tema vart tekne opp og framlegg til resolusjonar var mange.
Årsmøtet var m.a. innom:
Nasjonal Transportplan — skule og kulturspørsmål — samferdsel — landbruk — helsespørsmål – miljø — kraftliner — kraftsituasjonen i midt-Norge — kommuneøkonomi.

Årsmøtet vedtok resolusjonar knytta til: Skule – kollektivtrafikk og høgfartstog — sjukdomsutbrot i oppdrettsnæringa — ferjekapasiteten i fylket – utfordringar i landbruket — psykisk helse — samferdsel/Nasjonal transportplan.
Skodje Venstre fremja 2 resolusjonar og Ørskog Venstre heile 5 resolusjonr på møtet.

Vala ga slikt resultat:
Leiar: Trond Hansen Riise, Sunndal – 2 år – attval
Nestleiar: Jens Johan Hyvik, Volda 1 år — ikkje på val
Styremedlem: Robert Sandøy, Ålesund 1 år — ikkje på val
Styremedlem: Paula Ness Skår, Molde 1 år – ikkje på val
Styremedlem: Bente L Aure, Ålesund 2 år – attval
1. vara (kasserar): Sigurd Heiervang, Molde 1 år
2. vara: Eli Skaatun, Ulstein 1 år
3. vara: Arne S. Lillehagen, Rauma 1 år

12 delegatar vart valde til landsmøtet på Sundvollen i april.
Årsmøtet handsama elles årsmelding, rekneskap, budsjett, medlemsverving, Venstreskolen og generell organisasjonsbygging. Vi fekk orientering om nominasjonsarbeidet fram mot Stortingsvalet 2009.
Nominasjonsnemnd er: Fritz Inge Godø, Misund — Per Steinar Husby, Sunndal — Oddrun Eidem Kleppe, Herøy.

Sunndal Venstre med leiar Trond Hansen Riise stod for eit godt gjennomført årsmøte.

ref. Ragnar Bakken – utsending frå Ørskog Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**