Opplæringsdag for folkevalgde i Giske

Rolf Myhre, tidlegare ordførar i Molde kommune, losa ein ivrig gjeng frå kommunestyret og administrasjonen gjennom diskusjonar rundt tema som lovar og regler, habilitet, etikk og dei folkevalgte sine ulike roller.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Knapt 20 deltakarar frå administrasjon og kommunestyre tok vegen til rådhuset onsdag 26. mars for å setje seg betre inn i oppgåva som folkevalgt i Giske kommune.

Runa Godø Sæther

Foto: Anne-Lise Roald

– Dette var ein utruleg nyttig og inspirerande dag, seier Venstres Runa Godø Sæther. Slike dagar og diskusjonar skulle vi hatt fleire av, fortsetjer ho.

Rolf Myre har ein solid bakgrunn, mellom anna som offiser i forsvaret, nær 15 år som direktør ved Høgskolen i Molde, og ikkje minst 12 år i ordførarstolen i Molde kommune. Myhre er no pensjonist, men tilsett i KS som kurshaldar. Myhre er godt kjend med kommunen, då kona hans opphaveleg er frå øya Giske, og han har brukt mykje tid her samt fulgt med i utviklinga her i mange år.

Dagen var bygd opp omkring ulike sentrale tema, og med fokus på dei ulike rollene og ansvarsområda som dei folkevalgte har fått gjennom posisjonen dei sit i. – Ein kan delegere mynde, men ikkje ansvar, påpeika Myhre då han gjekk gjennom dei ulike rollene som ein må vere bevisst.

– Etikk og habilitet er tema som er viktige og kompliserte, men det er sunt å få lufta slike problemstillingar i ei slik viktig forsamling, poengterer Godø Sæther. I tillegg vart det fokusert ein del på samhandling mellom administrasjonen og politikarane, og korleis ein best kan “spele kvarandre god”.

Dei frammøtte såg ut til å vere godt nøgde med utbyttet frå dagen, og Myhre fekk overlevert ei bok om Giske kommune frå ordførar Knut Støbakk, som ei lita helsing frå kommunen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**