Laurdagsseminar: Korleis lage alternativt budsjett i kommunen?

Laurdag 20. september blir det budsjettseminar for folkevalde i Venstre. Kurshaldar er generalsekretær Terje Breivik.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Fram til jul er det hektisk budsjettarbeid i norske kommunar. På laurdagsseminaret 20. september har du moglegheit til å lere om budsjettarbeid generelt, og korleis Venstre lokalt kan lage sine eigne alternative budsjettframlegg. Generalsekretær Terje Breivik, som har mange år bak som som kommunestyremedlem og ordførar, er kurshaldar denne laurdagen.

Terje Breivik

Foto: Rune Kongsro

Tid: Laurdag 20. september kl.12-16
Stad: Venstres Hus
Påmelding: Til [email protected].

Dersom seminaret passerar deltakargrensa på 25 gjeld prinsippet om førstemann til mølla.

Kva er VHO sine laurdagsseminar?
VHO har i 2008 starta opp med eit nytt skuleringstilbod. Siste laurdag i kvar månad blir det seminar på Venstres Hus i Oslo for alle interesserte medlemmer. Juni, juli og august er seminarfrie. VHO gjev ikkje reisestønad, men vi spanderar kaffi og enkel lunsj. Les meir om laurdagsseminara i 2008 her.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**