Vil utgreia borgarleg vigsel

Venstre vil skilje det juridiske og det seremonielle i den nye ekteskapslova. – Ekteskapet er ikkje berre er ein religiøs institusjon, men også ein juridisk. Vi vil ha ei ordning der trussamfunna ikkje lenger vier folk, men gjer velsigning etter at ekteskap er inngått juridisk, seier nestleiar Trine Skei Grande.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**

 - Vi må sjå at ekteskapet ikkje berre er ein religiøs institusjon, men også ein juridisk, seier Skei Grande.

– Vi må sjå at ekteskapet ikkje berre er ein religiøs institusjon, men også ein juridisk, seier Skei Grande.
Foto: Rune Kongsro

Mellom anna NRK melder i dag at Venstre i brev til lovavdelinga i Justisdepartementet har bede om ei utgreiing av forslaget om obligatorisk borgarleg vigsel. Stortinget handsamar som kjent forslaget til ny ekteskapslov. Då det var høyring om den nye lova i Stortinget, bad mellom anna Norges Kristne Råd, som representerer alt frå pinsevenner til katolikkar, uttrykk for at Venstres ordning er ein god idé.

Sjølvsagt med likebehandling
– For eit liberalt parti er det sjølvsagt at eit samfunn behandlar menneske likt uavhengig av seksuell legning, seier Skei Grande.

– Samstundes vil vi ikkje ta fra kyrkja den fridom dei har i dag til å ikkje vie homofile. Det bør vere opp til det enkelte tros- og livssynsamfunn å halde eigne ekteskapsseremoniar. Vi må sjå at ekteskapet ikkje berre er ein religiøs institusjon, men også ein juridisk, seier Skei Grande.

Jusshjelp
I brevet til departementet har venstre sin nestleiar bedt om lovteknisk støtte til å formulere ei alternativ lovtekst basert på eit felles juridisk giftarmål.

I brevet heiter det mellom anna: "Venstre ønsker å skille det juridiske og seremonielle ved inngåelse av ekteskap. En slik løsning vil innebære at Staten legger de juridiske rammene ved en borgelig vielse, mens det enkelte tros- og livssamfunn foretar velsignelse og/eller avholder egne ekteskapsseremonier for de som ønsker det."

Trine Skei Grande trur Venstre får gjennomslag for modellen sin.
– Den er ryddig, rettferdig og den skaper respekt for at tru også er knytt til synet på ekteskapet si rolle i samfunnet, seier ho.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**