Kåre Bjørnerud: Vil ha skule for politikarane

– Viss eit kommunestyre skal kunne ivareta ansvaret som skuleeigar, bør politikarane ta seg tid til å setje seg inn i kvalitet og innhald i skulen lokalt, meiner Venstres Kåre Bjørnerud.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Fjernt frå alt som heiter valkamp vil han slå eit slag for Bykle-skulen. Han ber no kommunestyret setje av ein heil fagdag til problemstillinga, melder Sigurd Haugsgjerd, Agderposten.

Då vil han drøfte både resultata av dei nasjonale prøvane, og reise spørsmål om resultata av desse gir grunn til å setje inn ekstra ressursar i skulen lokalt.

Bjørnerud meiner også det er grunn til å sjå nærare på alderssamansetjinga blant lærarane, om det kan finnast “seniortiltak” og om desse eventuelt kan forbetrast og utvidast. Han er oppteken av å få til ei systematisk etter- og vidareutdanning og spør seg om det ein har av slikt i dag, kan styrkjast og utvidast.

-Er me flinke nok til å rekruttere nye lærarar? han vil også vil vite meir om den skulefaglege kompetansen i administrasjonen. Han meiner kommunestyret også bør få innsyn i korleis det spesialpedagogiske tilbodet i kommunen fungerer, og spør seg om rektorane har nok administrative ressursar til å få tid til også å vere pedagogiske leiarar. Og litt meir prosaisk vil han vite kva erfaringar kommunen har med den forholdsvis nye frukt- og grøntordninga.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**