Et kontrollutval utan kontroll

Kven høyrer på oss når me snakkar i telefonen? Det er det ingen som har oversikt over. TV 2 fortalde 18. september om Kommunikasjonskontrollutvalet, som skal kontrollera politiet sin bruk av telefonavlytting. Det gjekk fram av reportasjen at utvalet ikkje har telefonnummer, internettside eller kontor.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Advokat John Chr. Elden hadde prøvd å få kontakt med utvalet i nesten to år, utan å få svar. Då journalisten likevel spora opp leiaren for utvalet, hadde han ikkje oversikt over kva saker utvalet hadde hatt for seg den siste tida. Det heile reiser eksistensielle spørsmål: Viss eit kontrollutval ikkje har kontroll, kan ein då seia at det finnest eit kontrollutval?

Då justisministeren fekk spørsmål i Stortinget om ei konkret telefonavlyttingssak i februar 2007, roa han spørsmålsstillaren mellom anna med å forsikra om at Kommunikasjonskontrollutvalet førte kontroll med all telefonavlytting, "med særskilt auge for den enkelte sin rettstryggleik". Ifølgje lova (forskrifta om kommunikasjonskontroll) skal utvalet undersøkja klagar på telefonavlytting frå publikum. Korleis kan utvalet gjera det, når det ikkje går an å klaga, fordi det er umogleg å få tak i det? Eksistensen til kontrollutvalet er bakt inn som ein del av forskrifta om kommunikasjonskontroll. Det må sjåast som ein føresetnad for at telefonavlytting i det heile kan finna stad. Men i praksis ser det altså ut som om vakthunden er ein papirtiger.

Leiaren for utvalet er dommar i tingretten i Bergen. Viss du les dette, kan du vera så snill å seia oss at TV 2 tok feil? Er utvalet i aktivt arbeid, har de kontaktadresse, svarar de på forespurnader? Og viss så ikkje er tilfelle: Viss utvalet i praksis ikkje fungerer, kan ein i det heile seia at det er legitimt å gjennomføra telefonavlytting i Noreg i dag?

Øystein Brekke,

Bergen Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**