Solid val for Sosialliberal Liste

Sosialliberal Liste fekk 10.9 prosent av røystene ved valet til Studentparlamentet ved Universitetet i Bergen, ein auke på heile sju prosent frå i fjorårets resultat. – Ein slik auke syner tydeleg at potensialet for sosialliberal politikk er større enn aldri før, seier listetopp Sveinung Rotevatn.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Årets val til Studentparlamentet ved Universitetet i Bergen vart avslutta fredag 31. oktober, og då røystetala byrja å tikke inn var det god grunn til jubel i den sosialliberale leiren.
– Det spesielle med studentpolitikken er at du aldri får sjå meiningsmålingar, berre valresultat. Det var difor stor spaning på valvaka i minutta før resultata vart lesne opp. At studentane skulle gje oss ei slik vitamininnsprøyting var stort for alle som har jobba hardt i valkampen, seier listetopp Sveinung Rotevatn.
Rotevatn, som også er sentralstyremedlem i Unge Venstre, kan bu seg på eit nytt år i Studentparlamentet, denne gongen med selskap av Hanne Kvilhaugsvik, styremedlem i Bergen Unge Venstre. Det har med andre ord skjedd mykje sidan fjorårets val.

Topp tre

Størst på borgarleg side
Ekstra gledeleg for dei sosialliberale var det nok at ein for første gong vart større enn Blå Liste, Høgre sitt studentpolitiske alibi. Med dette er Sosialliberal liste størst på borgarleg side i Studentparlamentet. At ein i tillegg vart større enn søsterlista Liberal Liste i Oslo førte nok også til ekstra store smil i vestlandshovudstaden.
– Hehe, Oslo får heller sjå dette som ei utfordring. Det viktigaste er at vi sosialliberalarar er synlege og sterke i studentpolitikken over heile landet, seier Hanne Kvilhaugsvik, andrekandidat og nyvald studentpolitikar.

Auka valoppslutnad
I år som i fjor aukar oppslutnaden kring studentvalet ved UiB. Sjølv om 26 prosent neppe er eigna til å imponere, ser Rotevatn med glede at engasjementet kring studentpolitikken vert jamt større.
– Sjølv om talet er lågt, er dette ein oppgang frå 24 prosent i fjor, og frå 19,8 prosent i 2006. Årsaka til auken er nok at listene har vorte flinkare til å drive valkamp, og til å vere synlege på Nygårdshøyden i vekene fram mot valet. For vår eigen del har årets valkamp vore særs veldriven, og eg vil gje honnør til alle på lista som har vore med og gjort denne valkampen til ein suksess.

Til forhandlingsbordet
Trass i sosialliberal framgang, var det lite å gjere med den partipolitisk uavhengige Studentlisten. Valets store vinnar fekk ein oppslutnad på heile 32,7 prosent, eit venta resultat sett i lys av lista si sterke forankring i dei ulike student- og fagutvala. Rotevatn ser likevel lyst på den politiske situasjonen slik stoda er for augneblinken.
– Vi har samarbeid godt med Studentlisten tidlegare, og vi er visse på at det gode samarbeidet vil halde fram. No vert det likevel drøftingar mellom listene etter at den nye samansetjinga av parlamentet er klar, og vi kjem sjølvsagt til å kjempe for at våre veljarar skal få valuta for røystene sine. Det einaste som er sikkert er at framtida for sosialliberal politikk ved universitet ser lys ut, avsluttar førstekandidat Sveinung Rotevatn.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**