Olaf Engestøl heilt opp på tredjeplassen på stortingslista!

Olaf Engestøl er ei stigande stjerne i Venstre i Aust-Agder. På nominasjonsmøtet for stortingsvalet hadde nominasjonsnemnda foreslått fylkets yngste kommunestyremedlem på femteplass. Men i møtet foreslo først Bygland Venstres Vidar Toreid Olaf Engestøl på førsteplassen. Tre stemte for Engestøl, etter eit godt innlegg av ivedølen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**

Haga, Solsvik og Engestøl

Foto: Jan Kløvstad

I avstemminga fekk Øystein Haga, Grimstad og Anne Solsvik, Arendal flest stemmer, og Haga fekk førsteplassen foran Solsvik.

Da møtet kom til tredjeplassen hadde Olaf Engestøl fått så mykje støtte i salen at han vann ein overlegen siger over nominasjonsnemndas forslag på Petter Toldnæs, leiar i Lillesand Venstre.

Resten av den solide stortingslista ser slik ut:

4. Maria Aspesæter, Risør
5. Petter Toldnæs, Lillesand
6. Mariane Sønju Hagestad, Birkenes
7. Kai Ove Sandåker, Gjerstad
8. Dega Abdi Aman, Arendal
9. Line Øvernes Mørch, Tvedestrand
10. Anne Mo Grimdalen, Grimstad

I 2005 var Venstre berre få stemmer frå utjamningsmandatet i Aust-Agder, og førstekandidat Jan Kløvstad var “inne” på Stortinget fleire gonger i løpet av valnatta. Nå er Venstre mykje større enn for 4 år sidan, og det er knytt stor spenning til valresultatet både her i fylket og på landsplan.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**