Interpellasjon

Ørskog Venstre vil i Kommunestyremøte i januar legge fram ein interpellasjon vedr innhald og kvalitet i skulane i Ørskog. Her kan du lese interpellasjonen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Til ordføraren i Ørskog

Til Ørskog kommunestyre

Interpellasjon frå Ørskog Venstre

Skule på dagsorden for folkevalde i Ørskog kommune

Venstre ønskjer at ordføraren skal ta eit initiativ til ein fagdag for kommunen sine folkevalde om kvaliteten og innhaldet i grunnskulen i Ørskog.

Som kommunestyre er det avgjerande å ha brei kunnskap om dei ulike politiske områda ein har ansvar for.

Eitt av dei mange ansvarsområda til kommunen er grunnskuletilbodet. Som skuleeigar har ein eit stort ansvar. Dette ansvaret følgjer blant anna av opplæringslova. Dei fleste folkevalde føler nok at dei kjenner skulane i kommunen ganske godt, i det minste når det gjeld skulestruktur og bygningsmessig tilstand. Men kva med innhaldet i skulen? Drøftar dei folkevalde innhaldet i skulen i tilstrekkeleg grad?

For at kommunestyret i Ørskog skal utøve sitt skuleeigaransvar på ein god måte må vi ha ei samanfallande oppfatning av røynda, slik at vedtak kan bli fatta på eit så velinformert grunnlag som mulig. Ein debatt om kvalitet og innhald i skulen har sin naturlege plass i alle kommunestyre. Dette kan med fordel sjåast i samband med å lage lokale utviklingsmål for skulen, som også er ein av våre oppgåver som skuleeigar.

Etter Venstre si meining bør utgangspunktet for en slik debatt vere ein fagdag der tilstanden i Ørskog-skulen systematisk blir gjennomgått. Til fagdagen må ein både la skuleetaten i Ørskog kommune, rektorane, lærarane, fagforeiningar, foreldre og elevane komme til orde, og ein må dessutan vere open for å dra inn krefter utanfrå som kan sette Ørskog-skulen i perspektiv.

I lys av Opinion sin undersøking for Utdanningsforbundet, der det kjem fram at 34% av rektorane har opplevd det vanskelig å snakke offentlig om problem ved sin skule, bør det også blitt satt eit særleg fokus på dialogen mellom skulen/rektorane, skuleadministrasjonen, politikarar og offentligheita.

Vi meiner at Ørskog kommune i løpet av våren 2009 må arrangere ein fagdag (minimum 3-4 timar) – for skulen og at ein tilstandsrapport for skulen der ein også peiker på lokale utviklingsmål må vere klar innan utgangen av 2009. Opplegget kan gjerne koblast opp mot eit kommunestyremøte med få saker.

Sentrale problemstillingar som vi kan sjå nærare på kan vere:

Kva er resultata ved dei nasjonale prøvene?
Gjev resultata frå dei nasjonale prøvene skuleeigarar grunn til å sette inn ekstra ressursar?
Kor mykje ressursar bruker ein i Ørskog-skulen samanlikna med andre kommunar. Korleis blir ressursane i Ørskog-skulen nytta i samanlikning med andre kommunar?
Kva er alderssamansetninga i lærarkorpset?
Kan seniortiltaka bli forbetra/utvida for å få lærarar og skuleleiarar til å bli ståande lengre i arbeid?
Finst det ein systematisk etter- og vidareutdanning, og kan evt. denne bli styrkt?
Korleis fungerer arbeidstidsavtalen for ped. personell?
Er vi flinke nok til å rekruttere nye lærarar?
Kva er den skulefaglege kompetansen i administrasjonen — og korleis fungerer denne?
Korleis fungerer det spesialpedagogiske tilbodet. Kva med PP-tenesta?
Har rektorane tilstrekkeleg med administrative ressursar, slik at dei også får tid til å være pedagogiske leiarar?
Korleis opplever skulene (rektorane) dialogen med sentraladministrasjon, politikarar og offentligheita.
Kva er erfaringane med frukt- og grøntordninga?
Elevbedrift
Arbeidsmiljø for elevar — jf lovverk
Mobbing — situasjonen i Ørskogskulen.
Korleis opplever elevane skulen?
Foreldra sine synspunkt om grunnskulen i kommuen.

Vil ordføraren ta et initiativ til at det kan bli arrangert ein fagdag for folkevalde i kommunen om kvaliteten og innhaldet i skulen?

Framlegg til vedtak:

1. Ørskog kommune vil i løpet av våren 2009 arrangere ein fagdag for skulen.

2. Det skal bli laga ein tilstandsrapport for skulen der ein også peiker på lokale utviklingsmål innan utgangen av 2009.

For Ørskog Venstre – Ragnar Bakken — Åse Karin Gjære — Knut Sørdal

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**