Fylkesmannen krev skatt på all privat eigedom

– Det er ikkje nok å innføre eigedomsskatt berre på næringslivet. Skal Fjaler få utbetalt resterande skjønsmidlar av fylkesmannen, må kommunen vedta eigedomsskatt på faste eigedomar i heile kommunen. På annan måte kan eg ikkje tolke svaret frå fylkesmannen på direkte spørsmål frå Fjaler Venstre, seier gruppeleiar og formannskapsmedlem Gudmund Solheim i ein kommentar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Fjaler Venstre sende sist månad eit brev til fylkesmannen i Sogn og Fjordane med spørsmål om innføring av eigedomsskatt. Gudmund Solheim meiner svaret er heilt klart.
– Fylkesmannen stadfestar at han held att 0,5 mill kr av skjønnsmidlane til Fjaler, og at desse midlane blir utbetalte dersom det vert skrive ut eigedomsskatt på faste eigedomar i heile kommunen for skatteåret 2009.

Gudmund Solheim

Foto: Kvangarsnes

Solheim meiner vidare at dette endrar føresetnadene til fleirtalet i kommunestyret (Ap, SV og Sp m/eksluderte) som i budsjettmøtet i desember ivra for eigedomsskatt for næringslivet – mellom anna for å få utløyst meir skjønsmidlar.
– Her har det nok godt litt raskt i svingane. Dei tre partia har sjølvsagt høve til å vedta eigedomsskatt på verk og bruk i Fjaler, men argumentasjonen om meir skjønnsmidlar held ikkje, slår Solheim fast.
Innføring av eigedomsskatt i Fjaler skal snart opp til endeleg handsaming i kommunestyret. Men fleirtalspartia har alt lagt inn framtidige skatteinntekter i økonomiplanen — i tillegg til å ha sett av 0,6 mill kr på årets budsjett til taksering av næringseigedomane i kommunen.

Gudmund Solheim er kritisk til måten Stoltenberg-regjeringa prøver å presse kommunane til å innføre eigedomsskatt. Først blei lovverket endra slik at all privat eigedom, ikkje berre den bymessige, skal skattleggast. I tillegg blir det no brukt økonomiske verkemidlar via fylkesmannen for å tvinge kommunane til denne ekstraskatten.
– Dette er eit klar innblanding i prinsippet om det kommunale sjølvstyret, og lokalpolitikarane blir sitjande som gislar. Kommunepolitikarane må få stå fritt i spørsmålet om dei vil auke dei inntektene med å innføre eigedomsskatt. Dersom regjeringa har ei anna meining, vil det vere meir ryddig om Stortinget vedtar at eigedomsskatt skal innførast i alle landsens kommunar, hevdar Solheim.

Solheim viser elles til resolusjonen frå årsmøtet i Fjaler Venstre der lokallaget ber om at det blir venta med innføring av eigedomsskatt for næringslivet i kommunen.
– Eg meiner vi har tid til sjå kva som kjem ut av satsinga på Lutelandet. Vi opplever no økonomiske nedgangstider med dårlegare rammevilkår og lågare aktivitet. Delar av næringslivet i Fjaler er sårbart og treng økonomisk armslag for å kunne trygge arbeidsplassane. Dessutan har Venstre programfesta eit klart nei til eigedomskatt i inneverande periode. Og denne vallovnaden vil vi gjerne halde, avsluttar Solheim.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**