Historisk tilbakeblikk

På jubileumsfesten tok Berit Robøle Hegge oss med tilbake til tida rundt 1884 og fortalte om levekåra i Øystre Slidre og bakgrunnen for stiftinga av venstrelaget i kommunen. Dette kan du lesa her:

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Øystre Slidre Venstre 125 år

“Aar 1884 den 11te januar samledes efter forutgaaen Bekjendtgjørelse en del indvaanere af Østre Slidre paa handelsstedet Heggenæs for at discutere et fremsat spørgsmaal om dannelse af en venstreforening for Ø.Slidre.De mødende enedes om at danne en forening under navn af”Østre Slidre Venstre og Samtaleforening”.

Dette var midt på kaldaste vinteren og dei tok seg fram anten på ski eller med hest. Det ar tydeleg at dette var ei viktig sak som fekk folk til å ta den nokså lange turen det var for mange frå dei ulike grendene. Bakgrunnen for ar Venstre både sentralt og lokalt vart stifta som parti, var nok den seige kampen som stortingsbøndene og dei byintellektuelle representantane med Johan Sverdrup i spissen hadde kjempa mot den svensk/norske kongen og embetsstanden. Dei ivra for at folkestyre skulle få rå og Sverdrup sine ord på Stortinget: “All makt i denne sal ” har blitt ståande som eit begrep frå 1884. Embetsstanden hadde stor makt, men var få i antal.

Dei trudde ikkje andre enn dei kunne styre og ta dei viktige avgjerdslene for land og folk. Det rådde ein eigen kultur dei i mellom, og for å halde denne innan standen vart det lagt vekt på å få folk til å gifte seg med “likesinna”.
Oppi denne striden vart altså dei fyrste moderne politiske parti for landet vårt stifta, fyrst Venstre så Høgre. Det er verdt å merke seg at Ø.Slidre Venstre vart stifta den 11.januar og Norges Venstrelag den 28!

Når ein tenkjer på kor liten kommunikasjon det sikkert var mellom hovudstaden og ei lita fjellbygd som Øystre Slidre,er det imponerande at folk kunne vera så oppdaterde på kva som gjekk føre seg i Stortings- og bymiljøet. Det var ein del som abonnerde på riksaviser, og desse gjekk på omgang og vart nøye lesne. Innhaldet vart kommentert og diskutert, og dette var noko av grunnen til at venstre i Ø.Slidre kalla laget “Venstre og samtaleforening”.

Øystre Slidre var på denne tida ei fattig fjellbygd med landbruk som den rådande leveveg. Det var få storbønder og meir jamne vilkår for folk enn det som var tilfelle elles i Valdres. Bygda vart rekna for å vera meir radikal enn dei andre valdresbygdene.Stortingsmannen Ola K. Ødegård frå Vestre Slidre ordla seg slik i ei av bøkene sine:”Øystre Slidre har hatt orde på se før o vera ei fælande radikal bygd”. Mange øystreslidringar var glade i ordet “radikal”, skriv han- “ja, so skurra so sterkt på rrr i orde at det høirist mest ut so de kom ifrå hug te o sjå revolusjon me blodføss ikring”.

Radikalismen kom seg av at det var tronge økonomiske vilkår p.g.a. auka skattar, prisfall i jordbruket og tap av menneskelege ressursar fordi mange emigrerde til Amerika. På same måte som i hovudstaden, samla øystreslidringane seg om politiske krav som kamp mot serfordelane embetsmennene hadde.

I 1881 hadde heradstyret motteke avisa Budstikken frå “Novemberforeningen” i hovudstaden,(forløparen til Høgre)med spørsmål om dei ville abonnere på bladet. Dette vart avslege med den grunn at desse konservative verdiane ikkje passa i heradet vårt.

Det tok på denne tida til å bli ei stor endring og utvikling av nye levevegar innan bygda, slik som t.d. landhandleri og ei gryande turisme.Lag og organisasjonar som idrettslag,hagelag,skyttarlag kom i stand.Sparebanken var stifta allereie i 1868. Påbod om skulegang gjorde at analfabetismen gjekk mot slutten. Før 1860 var det få som kunne skrive namnet sitt.
Kjennskap til organisasjonsarbeid var ein føresetnad for at venstrelaget kunne stiftast og fungere så bra.
Det er ikkje godt å vite kva folk flest i bygda hadde av politiske meiningar,men det er tydeleg at i den yngre garde var mange godt orienterde om rikspolitiske tilhøve, og at dei stod godt samla under venstrefanen.

Før århundreskiftet ser det ut til at venstrelaget tente som ein skule for kommunepolitikarar.Alderen på dei som stifta laget og sat i styret dei fyrste åra framover var eigentleg låg, 30-35år. Gjennomsnittsalderen på medlemene i heradstyret låg på over 50 år.

“Enhver uberygtet,konfirmeret mannsperson” kunne bli medlem i laget. Kvinnene stod utanom alle slike fora den tida,så dette var ikkje noko eineståande for venstrelaget.
Det var møte 4-5 ggr i året, flest på etterjulsvinteren. Møta vart helst haldne på Heggenæs Handelssted og etterkvart på skulane då dei vart bygde. Laget sakna eit forsamlingslokale, og i 1885 vart det sett ned ei nemnd som skulle arbeide for “opprettelsen af et forsamlingslocal til disposisjon saavel for venstreforeningen som skydeforeningen og andre tilfæller”.Det gjekk lenge før Tingvang stod ferdig i 1919.

Stort sett var samtaleemna av lokal art. Det kunne vera saker om ordningar for jakt og fiske, likningssaker, vegspørsmål o.l.
I1885 drøfta laget legespørsmålet, og leiaren i venstrelaget vart oppmoda om å få til eit felles heradstyremøte for Øvre Valdres slik at dei kunne nå fram til ei betre avtale enn slik det hadde vore før.To månader seinare vart møtet sett, og kommunelege vart tilsett .

I 1991 tok dei til dømes opp spørsmålet om bygda trong betre hingstar. Etter ein lang og grundig debatt, vart det sett ned ein komité som skulle syrgje for at bygda skulle få ein god premiehingst. Seinare vart det danna eit aksjeselskap som utvikla seg til Ø.Slidre hesteavlslag.

Venstrelaget var ei underavdeling av fylkesorganisasjonen, som den gong heitte Kristians Amts Venstreforening. Dei fekk enkelte gonger i oppdrag å uttale seg om amtsspørsmål og innfløkte rikspolitiske saker. Øystreslidringane var lojale og og sende fyldige svar attende,men det var ikkje desse sakene som vekte mest debatt. Dette kjenner ein vel att i notida sin politiske kvardag i lokalpolitkken òg.

Laget hadde ei tid lagsavis,men det finst desverre ikkje att nokor utgåve av slike.
Vanleg oppfatning av dei gamle venstremennene er at dei var mest interesserte i kulturelle og moralske spørsmål. Fråhaldsak, indremisjon og målsak er stikkord her. Dette stemmer lite med kva dette venstrelaget var mest opptekne av. Rett nok står det i ein av formålsparagrafane at laget bygde på “et Kristeleg livssyn” og at medlemene måtte vera konfirmerte, men dette var nok heilt sjølvsagte forutsetningar som ingen kunne gå i mot. Foreininga kunne utsetja seg for kritikk dersom det ikkje hadde med nokre ord om kristen forankring.
Laget ser ikkje ut til å ha hatt nokor særleg omtanke for kristenlivet i bygda. Medlemmene var helst skeptiske til prestane som tross alt var embetsmenn og sympatiserte med Høgre.

Fråhaldssaka var heller ikkje viktig. Ein freistnad på å få til eit slikt lag fekk inga sterk tilslutning, og saka kom aldri opp att.
Målsaka ser ikkje ut til å ha vore noko tema, og protokollane vart førde på riksmål i alle fall til 1909.

I 1914 vart det vedteke at Ø.Slidre kommune skulle nytte landsmål. Dette vart føreslege av ein venstremann, men innan laget var det ikkje einigheit om dette.

Venstrelaget i Ø.Slidre hadde nok glansperioden sin dei fyrste åra etter stiftinga. I perioden 1903-1909 låg aktiviteten nede,slik det gjorde mange andre stader også.
I 1909 vart laget reorganisert, men vart aldri meir enn ein skugge av det partiet hadde vore før århundreskiftet. Medlemstalet var høgt,og eit stort fleirtal av heradstyremedlemene var venstrefolk. Truleg var det personlege motsetnader mellom dei leiande i laget. Grendepatriotismen blussa og opp i sume saker.

I 1912 vart det kravd medlemsmøte både sør og nord i bygda, og styret vart kritisert. Det vart avgjort at laget skulle oppløysast og at det “i stedet oprettes 2 à 3 lag i de forskjellige dele av prestegjeldet”.
Smålaga vart sett på som ei forbetring og ei løysing på dei vanskane som hadde vore.Det vart lettare å nå fram for folk, og ein kunne kjempe for eigne saker og aktivisere fleire enn før.

Men noko gjekk også tapt med denne oppsplittinga. Det vart vanskelegare å finne nok eigna tilitsmenn til fleire smålag. Ordninga opna for meir bygdekrangel. Alt i alt enda det opp med at ordninga vart nedlagt og partilaga samanslegne til eitt lag att midt på 1920talet.
Sjølv om andre parti opp gjennom åra har hatt større tilslutnad, har Venstre hatt ordføraren i bygda i 80 av dei 100åra frå 1884 til 1984.

Dette vart eit lite innblikk i den eldste historia til laget og bakgrunnen for stiftinga.Stoffet er henta frå 100års-jubileumsboka til laget,redigert av Geir Beitrusten.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**