Venstre vil ha gratis juridisk hjelp i strandsonen

Bystyregruppa i Arendal Venstre har sendt brev til ordførar og rådmann, etter at Direktoratet for naturforvaltning tilbyr gratis juridisk bistand til kommunar som vil avklare saker i strandsonen. Her er brevet frå Venstre:

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**

Anne Solsvik og Jan Kløvstad 8

Foto: Åsmund Aqissiaq Kløvstad

“Til ordførar og rådmann

Spørsmål frå bystyregruppa i Arendal Venstre:

Vi viser til vedlagte skriv fra Direktoratet for naturforvaltning om gratis juridisk bistand for å sikre allmennhetens tilgang i strandsonen. Dette er ei viktig sak for Venstre, for å styrke allmenn ferdsel i strandsonen, for å avklare eventuelle tvistar og for å prøve ut påstandar og konfliktar utfrå gjeldande lovverk.

Kan vi få eit oversyn over aktuelle saker Arendal kommune kan få hjelp til frå direktoratet gjennom denne ordninga?

Beste helsing
Arendal Venstre

Anne Solsvik og Jan Kløvstad
formannskapsmedlem og gruppeleiar”

Det nemnte bervet er sendt alle kommunar nå i midten av april.

Les meir om prinsippa frå direktoratet.

Ordføraren ga eit positivt og uttømmande svar, som ga eit solid inntrykk av grundig arbeid i administrasjonen i slike arbeidskrevande saker. Noen få saker kan det bli aktuelt å søke om juridisk bistand til, og det vil kommunen gjere om det ikkje er mogleg å finne minnelege løysingar til beste for allmenn tilgang i strandsonen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**